Eg smilte meg inn i deg, 2010. Med bobler i kroppen og høge hæler på lett skjelvande bein. På toppen av taket ønska vi deg velkommen medan det small og blinka rødt, grønt og kvitt over heile Bergens himmel. Alt vi ikkje visste. Eg veit det no.
At i 2010 skulle eg utfordres. To tusen og ti kasta hansken og tøffa seg. Skremte vettet av meg. Ga meg fysisk vondt og mental filleristing. Gjorde meg meir letta og takknemlig enn eg har kjend meg nokon gong. Lurte meg, gjorde du, 2010. At vi plutselig skulle sitte på Tønsberg sjukehus med mamma på respirator uten å vite kva slags veg året, livet og kroppen hennar ville gå - kven skulle tru det på taket der med stjerneskot i handa? Ikkje eg. Men det hadde uansett vore umogleg å forberede seg på. Men det gikk bra. Det gjekk riktig veg. Og når vi hadde rista av oss intensiv-avdeling-tåka etter nesten to skumle veker ved mamma si sjukeseng var det nærast ubegripelig kor heldige vi var. Det var så nære på. Og det var nesten som å få nye briller - noko eg riktignok ikkje veit noko om, brillelaus som eg er. Men det var deilig å kjenne seg svevande og glad og framleis ha ei lys levande mamma. Herlighet kor fantastisk, 2010. Du har jammen vore eit år med store kjensler.
Eg har øvd på å vere ærlig. Med vekslande hell. Eg har prøvd å tenke på andre. Med ca like vekslande hell. Tenkt litt på meg sjølv har eg også. Til dels med svært dårlige resultat. Og så nokre gode.
Nokre dager har vore så fine at dei bør leggast på fløyel i skattekister av glass. Så dei beheld glansen men likevel kan beundres når enn eg har lyst. Andre dagar burde gått i bosset lenge før sola stod opp. Dei fleste dagane kunne like gjerne blitt bunta saman og solgt med pakkepris. 4 for 2. Dei var så like, mange av dei. "Hald det i handa og kjenn på det litt, så må du blås det bort", sa Oldemor. Det har eg gjort med mange. Nokre dager venta eg kanskje for lenge før eg blåste dei bort. Andre slapp eg for fort. Dei aller aller beste putta eg i hjartelomma og skal ha der alltid. Eit par av dei verste også, forresten. Men berre slik at eg alltid kan kjenne på skilnaden om eg vil.
Det har vore hyggelig å halde deg med selskap, 2010! Men no er eg ferdig med deg og lukker døra.
Sights and sounds
Pull me back down
Another year
I was here
4 kommentarer:
Trine, du er fin<3
Godt nyttår, det fortjener du!
Ej føle mej veldi heldig som he nåkken som e så fantastisk som dej i livet mitt. He trua på at 2011 blir et godt år! Takk for det gamle Tjukka :)
Eg syns dåke er fine!! Håper på mykje leiking i 2011! Våren dette året skal bli bare deilig og fin, eg kjenner det på meg! :)
Flinke du. Du fortjene et godt år. Gla i deg
Anne Mari
Legg inn en kommentar