søndag, februar 27, 2011

I have been globetrotting!

Beskjeden globetrotting, men likevel. Rød og eg stod opp klokka halv fem forrige fredag. Halv fem er så tidlig at om nokon tenker å kalle det morgon er det berre å tenke om igjen. Halv fem er natt. Og det er ein kjent sak at eg fungerer ganske dårlig når eg må stå opp om natta. Men vi hadde viktige affærer å ta oss av i hovudstaden, så eg beit tenna saman. Vi var tidlig ute til flybussen begge to, Rød stod pigg og klar som midnattsola på bystasjonen når flybussen med meg på svingte inn.


Så dro vi da. Til Velaug i Oslo. Cirka ett år etter 30-årsdagen da ingen av oss kunne komme. Vi er visst ikkje så rask i vendingane, Rød og eg. Men når vi først kom, kom vi iallefall tidlig! Oslo var stengt og stille. Og full av snø. Eg hadde i eit svært korttenkt øyeblikk sett for meg at våren hadde komt lenger i Oslo enn i Bergen, men måtte bite det i meg raskare enn ein kan sei "utepils". Det er nok meir enn ein grunn til at VM ikkje vart lagt til vestlandet.

Eg har aldri likt Oslo spesielt godt. Sikkert ikkje særlig rart, i og med at eg var der svært lite i oppveksten og dermed aldri har blitt kjendt med byen. Husker berre vi tok ein tur fra Tante Bitten og Onkel Oddvar i Sandvika då eg var kanskje sju. Eg hang meg opp i navnet "Spikersuppa", for det skulle pappa vise oss. Han syns det var stas - eg fikk det bare ikkje til å stemme. For et tullete navn på ein stad uten verken spiker eller suppe.

Men Oslo veks på meg, det må eg innrømme. Til tross for snø og holke. For det første, om Velaug seier det er ein bra by, så trur eg på ho. Når ho i tillegg beviste det med å geleide oss til kriker og kroker fulle av skatter, nydelige perler av bruktbutikker, interiør-, kle- og skobutikker og toppa det heile med byens kanskje fineste lunchsted. Eg blei forelska. Og gleder meg til å oppleve byen igjen når det er vår!

Vi var faktisk litt lure også, som la turen utanom VM og innanom By:larm! Så etter verdens lengste fredag(eg sov ikkje middag eingang!) med mengder av bobler og vin, la vi plan for lørdag kveld. På grunn av vær- og føreforhold tenkte vi det var lurt å holde oss til ei scene, sidan vi ikkje hadde festivalpass. Ingenting er som å starte "kvelden" med ei flaske lunchbobler på delings, så heimturen, pynteseansen og det meste gikk på skinner. Ut igjen på skara sneia vi innom ein stad for asiamat før vi jogga til Sentrum Scene. Det er utrulig at vi ikkje knakk eit einaste bein, for om det var oppkjøringa til VM eller kva; Velaug hadde voldsomt konkurranseinstinkt denne kvelden og det var veldig ofte viktig at vi var tidlig ute. Eg må le når eg tenker på det no, høyrer stemma hennar i hodet: Vi skal iallefall inn før de der! Kom igjen, jenter, spring! Så vi gjorde som vi fikk beskjed om og sprang.

Kveldens høgdepunkt var Sassybeat - unge fantastiske smårips, to jenter på vokal/fiolin/gitar/bass. Eg gleder meg som ein unge til plata kjem ut, det var gøy, gøy, gøy! Og eg får klump i magen av stolthet av dagens ungdom.
Det neste bandet har eg kanskje glømt. Eller var det Elvira Nikolaisen? Jo, det var det kanskje. Eg vart iallefall skuffa over henne. Men om det kun var på grunn av dårlig lyd eller om det berre var kjedelig, er eg litt usikker på. Vi gjekk iallefall på Tilt, ein veldig kul spillebule-bar. Der minst to menn fekk gjennomgå på unisexdoen. - Vi hører ingen tisselyd der inne, går det bra med deg? Ikkje la deg sjenere bare fordi vi står rett utenfor! Jenter på stigande glede/boblerus, altså....
Tommy Tokyo var fabelaktig. Karismatisk og superdyktig, eg bør jammen høyre meir på den mannen! Men på siste sangen merka Grønnsåpa at livsgleden var lett dalande. Eller, eg blei berre så sinnsjukt trøtt. Og for meg fins det ingen utveg når Ole Lykkøye set seg på skuldra. Eg må sove. Blei lett panisk da eg merka dette, for eg ville jo ikkje at kvelden skulle ta slutt så tidlig! Da er det så bra at det er trapper ned mot scena som vi kan sitte på imellom slaga. - Kan eg sove litt på fanget ditt, Rød? Og eg fekk lov! Håper Mari Boine ikkje tok det personlig, eg har tross alt litt sameblod i årene sjøl, så ikkje gjer det, Mari. Men eg sov på Rød sitt kne heile konserten.

Alt var dermed klart for finalen med Peter, Bjørn og John, som eg elsker. Stigande livsglede og ei heilt ny Grønnsåpe.

Etterpå gjekk vi på Internasjonalen og sittedansa i ein sofa medan vi tok uklare bilder av oss sjølv før vi gjekk heim og såg på barnetv på nettet(!)

Eg holdt ut heilt til halv seks, og er offisielt STOLT av meg sjølv. Og alle var enige om at det hadde vore ei fabelaktig helg!

3 kommentarer:

johanna sa...

Å, for et eventyr! Kjenner jeg får lyst til å dra på oppdagelsesferd i Oslo by, etter å ha lest om skattekamrene dere ble introdusert for! :D

beekeeper sa...

Ja!
Vår, tralala vår - og mere Bergensbesøk i Oslobyen! Det vil jeg ha ;)

beekeeper sa...

Og...vi skal i alle fall inn før han der...!