torsdag, februar 10, 2011
Det er vått ute.
Eg vakna av regnet i dag. Til ein viss grad kan det kalles forfriskande i motsetning til dei dagane eg vakner av at vaktmesteren ruller bosspanna ut i gata. Det er hundrevis av bosspann, iallefall føles det sånn. Og han tar seg god tid med rullinga. Å bli vekka av den lyden er på lista over absolutte bunn-3 måter å vakne på.
Uansett. Rød og eg hadde avtalt å jogge klokka ni i dag. Og det med regnet var ein strek i regninga. For vi hadde gjetta og håpa på soloppgang og fuglesang (ambisiøst, eg veit), men der bomma vi kraftig. Stiv kuling, striregn og tre grader. Men vi gjorde det likevel, så poenget mitt med heile dette innlegget er nok strengt tatt å skryte litt av oss. Lårene mine er fremdeles frostskada etter 6 kilometer med piskande regn - men det kjennes likevel deilig!
No skal eg ta på meg fjeset, plukke med meg ein kaffi og sjå om eg finn på noko lurt til mamma til søndag. Kanskje eg for første gang i mitt "voksne" liv klarer å både anskaffe OG sende gave så den kjem fram til morsdagen. Eg liker å innbille meg sjølv at alle liker å få ting litt for seint, for da varer liksom feiringa lenger, sant? Eller ikkje.
I morgon skal det bli sol!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar