tirsdag, mai 03, 2011

Brgnfst!

Idèt våren kom, starta Bergenfest. Eller omvendt. Nathalia, Rød og eg jobba som frivillige, og fekk dermed festivalpass rett i fanget. Over hundre konsertar fordelt på fem dagar i verdas finaste vårby. Knoppane brast med eit smell, og ingenting er deiligare enn å drikke bobler i parken når den er ny-grønn og fantastisk.

Naturlig nok fekk vi ikkje med oss alle konsertane. Nat og Rød hadde lært frå i fjor og hadde fri fra "dei ordentlige jobbane" heile veka. Eg kom meg lett på jobb torsdag, men tok ein svært kort dag (også kalla avspasering...) på fredag. Det koster å leike russ i dagevis. Men det var verdt det!

Joan Baez - pappas store heltinne, og dermed også mi - starta ballet på onsdag. Sidan eg jobba både på min jobb i tillegg til for festivalen, pluss at det var smekkfullt, fekk eg ikkje sett henne. Men eg gråt dagen etter då eg las anmeldelsen i avisa. Ho er over 70 og kjem nok ikkje tilbake. Men heldigvis fins Spotyfi, og eg såg dessutan ein lang og nydelig dokumentar om henne på svensk tv for litt sidan.

Det eg derimot fekk med meg, var for det meste til stor glede og lykke. Fordelen med å bu i verdens minste, store by når slike ting skjer, er at ein kan nå dei ulike scenene på eit blunk. Og dermed sjå og høyre meir. Her er det eg rakk:

Torsdag:
Pete Molinari; Bruce Springsteen og Edvard Nortons favoritt. Totusentallets nye Bob Dylan, deilig musikk, vakre menn - alle med snasne sko! Jim Stärk. Eg hadde gløymt kor godt eg likte dei! Vi gråt, lo og sang med. Candi Staton, stor stemme, ikkje min kopp te. Me And My Army. Finaste overraskelsen på Garage, fekk meg til å skjelve i knea og så smått bli groupie. Vokalisten avslutta aleine på scena med akustisk versjon av "Heartbeat", (som han har skrive saman med Robyn) og det var så fint at eg fekk gåsehud på neglene.

Fredag:
Sufjan Stevens! Fan-ta-stisk! Lasershow, sjølvlysande strømpebukser, konfetti og stas! Og då tusen ballonger dalte ned fra taket under avslutninga, skulle ein ikkje tru ein trengte meir i verda enn det øyeblikket (sjølv om Nathalia som er livredd ballonger ikkje akkurat vil skrive under på dette). Joe Bonnamassa var vi innom, men trakk gjennomsnittsalderen såpass ned at det ikkje var vits i. Eg trudde dessuten det berre var kjedelig pausemusikk når han hadde begynt. Så vi sprang videre. Til Ron Sexsmith, som var søvnig-bra og gjorde meg glad når han sang Brandy Alexander. Vi avslutta kvelden med Razika som kjem til å gjere både våren, sommaren og hausten fin med skrangle-ska`en sin. Og ja, til tross for at eg holdt på å sovne (av alderdom, ikkje kjedsomhet) - det gjorde vondt i hjertet når eg hørte denne sangen.

Lørdag:
To stykk Wainwright på ein kveld var luksus. Lucy varma opp for sin far, og vi var fire jenter på rad (for vi greidde lure inn Lene!) som dryppa tårer på både blonder og bluser når Laudon sang berre for oss. Etterpå møtte eg ei anna Trine på do og vi var enige om at det hadde vore ein fin kveld og at Triner er fine. På Garage plukka vi opp Johanna, Line og Camilla, og sprang til ein svett og herlig Håkankonsert. Eg trur Duracellkaninen er basert på ei sann historie om Håkan Hellstrøm. Og eg gleder meg til å sjå han igjen, helst med Anne Mari, som er Håkan-veteran.

For dei som lurer på korleis Bergenfestglede ser ut i praksis: Sånn!





2 kommentarer:

Lene sa...

Skulle gjerne hatt med meg mer av russeuken! Lørdag var fantastisk, jeg kjenner det rykker i tårekanalene hver gang jeg tenker på Mr loudon III.

Johanna sa...

Wow, skal si du fikk sett mange! Ja, Håkan hadde jammen godt med energi, giizes! Fantastisk var det! Jeg skjønner ikke hvorfor vi drar så sjelden på konsert, det er jo det BESTE i verden! Og veldig fine bilder av veldig fine jenter! <3