torsdag, juni 02, 2011

Altså, no kjem de til å bli sjokkerte,

for eg skriv mitt andre innlegg på ein og samme dag! Eg ser nemlig at eg har fleire besøkande om dagen, noko som faktisk sjokkerer meg litt i og med at det skjer lite her. Og eg er jo her for your entertainment!

Eg har jo vore heime aleine i nesten tre veker og har hatt mykje fritid. Spesielt sidan det har regna, regna, regna og regna. Ingen som bur i Bergen kan ha klart å oversjå akkurat dèt. Men eg veit ikkje kva eg har gjort desse vekene, egentlig. Eg har iallefall merka at Bent kanskje er flinkare enn meg til å tømme oppvaskmaskina. For eg føler eg har tømt den tusen ganger og får narkolepsi av kjedsomhet kvar gong. Så eg har konkludert med at det faktisk er gøyare å vaske opp sjøl. Ellers har eg fått bekrefta at det ikkje er lurt å springe ned trappa med høge hæler etter å ha sett fyrverkeri 17. mai med tretten glass bobler innabords. Blåmerkene er borte no, men det var ein fin hyllest til nasjonaldagen å sjå ut som eit norsk flagg over heile underkroppen.

Ellers har eg vore relativt flink til å trene og drikke meir vin. Mulig vinninga gjekk litt opp i spinninga. Eg har jobba mykje. Innsett at om folk heiter "Plage" til etternavn (det er sant!), så er det ein god grunn til akkurat dèt. Kjære fru Plage, om du les dette: Det er heilt greit at du held deg i Ytre Arna.

Eg har skrive fleire barnedikt. Av alle ting.

Hatt besøk av mamma og pappa i anledning Rune sin disputas. Vi koste oss veldig og Rune gjennomførte disputasen strålande og vi var superstolte. Eg fekk ikkje tid til å lese heile avhandlinga hans før Bent kom heim. Det gjorde han nemlig i går, og det var godt å ligge inntil ein kropp igjen og ikkje berre reserveputa.

I morgon skal vi til Sogn for å feire 40-årsdag. Det gleder eg meg til! Vi skal kjøre verdens minste bil dit, og eg regner med det blir sol og glede!

Det er sikkert nokon som syns det er sjarmerande at det regner i Bergen heile jævla mai. Men nok er nok, Per Kokk!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Di skattekiste er mi skattekiste, eg er her minst ein gong om dagen. Endeleg litt valuta for pengane!

Trine sa...

Gøy! Lene? :)