fredag, august 26, 2011
Nattevakt.
Eg ser på statistikken at de les bloggen midt på natta. Klokka tre, to og fem. I dag var det to av dykk innom klokka ni. Kven og kvifor? Eg er så nysjerrig! Eg veit kordan de kjem dykk inn, kva slags søkeord som gir vegen hit, men eg veit ikkje kva de vil her. Fortell meg! Da blir eg så glad.
Klokka ni i dag satt eg på Pingvinen og god-mimra med fine, gode Johanna over en-to-tre glass vin. Din tur!
Apropos bildet. Eg veit om mykje vakkert i verda og er så glad for at eg lett lar meg glede og begeistre. Men ingenting sett meg ut i så stor grad som nordlyset. Om Gud fins, trur eg han lagde nordlyset idèt han tok saltomortale av ivrighet etter å ha skapt det akk, så komplsert-fantastiske mennesket. Om nordlyset derimot har mekka seg sjøl, trur eg det er ein fusjon av alt, absolutt alt som er fint og fantastisk i verda. Eg grin som ein unge kvar gong eg ser det. Det er det vakraste som fins, og Jan Teigen kan berre zip it.
PS: Dette innlegget er laga i ørliten alkoholrus, men det betyr på ingen måte at det ikkje kjem frå hjertet likevel.
PS2: Om du aldri har sett nordlyset må vi rett og slett lage nordnorge-ekskursjon og dra på jakt a`la Johanna Lumley pronto!
onsdag, august 24, 2011
Oldemors veranda.
Ein ettermiddag i juli. Skog med lange skuggar til høgre. Hav rett fram. Kaffibord til venstre. "Finstua" rett bak, gjennom døra og forbi Sandersongardinene, framleis ikkje falma etter tretti år. Der står lampa med glassfot og hankar av svanehalser. For 24 år sidan skulle eg trekke ned persienna sidan sola forstyrra Heidi og mitt sitt improvisatoriske og særs ufaglærte pianospel. Teknikken min for å lukke persienna var eksperimentell, i og med at eg har vokst opp i eit persiennelaust hus. Så eg trakk i snora, rygga og kjende panikken bre seg i det eg høyrde eit dunk og eit knas. Lampa låg på golvet. Den eine svanehanken amputert like ved. Eg sprang ned den brattaste trappa i verda og gøymde meg under den medan tårene spruta.
Like etter kom tante Grete listande ned. Tørka tårene mine og kviskra at dette skulle vi fikse. Fem minutt og litt superlim seinare, var lampa like fin. Oldemor satt framleis fornøgd i gyngestolen i nabostua og høyrde på nyhetene.
Alle desse åra og lampa held stand med begge hankane tilsynelatande intakte. Eg stryk framleis over den med fingeren og kjenner det lille hakket i skøyten kvar gong eg er der. Tante G redda dagen og oldemor oppdaga aldri det vel-limte skåret. Trur eg, då.

tirsdag, august 09, 2011
På lørdag
Var Agent K og Tante T på rek. Det var lenge siden vi hadde sett kvarandre sist, så gjensynet måtte feirast.
Det merka eg nesten heilt til i dag. Og i dag er det tirsdag.
Det merka eg nesten heilt til i dag. Og i dag er det tirsdag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)