onsdag, august 24, 2011

Oldemors veranda.

Ein ettermiddag i juli. Skog med lange skuggar til høgre. Hav rett fram. Kaffibord til venstre. "Finstua" rett bak, gjennom døra og forbi Sandersongardinene, framleis ikkje falma etter tretti år. Der står lampa med glassfot og hankar av svanehalser. For 24 år sidan skulle eg trekke ned persienna sidan sola forstyrra Heidi og mitt sitt improvisatoriske og særs ufaglærte pianospel. Teknikken min for å lukke persienna var eksperimentell, i og med at eg har vokst opp i eit persiennelaust hus. Så eg trakk i snora, rygga og kjende panikken bre seg i det eg høyrde eit dunk og eit knas. Lampa låg på golvet. Den eine svanehanken amputert like ved. Eg sprang ned den brattaste trappa i verda og gøymde meg under den medan tårene spruta.

Like etter kom tante Grete listande ned. Tørka tårene mine og kviskra at dette skulle vi fikse. Fem minutt og litt superlim seinare, var lampa like fin. Oldemor satt framleis fornøgd i gyngestolen i nabostua og høyrde på nyhetene.

Alle desse åra og lampa held stand med begge hankane tilsynelatande intakte. Eg stryk framleis over den med fingeren og kjenner det lille hakket i skøyten kvar gong eg er der. Tante G redda dagen og oldemor oppdaga aldri det vel-limte skåret. Trur eg, då.


2 kommentarer:

Frk Lene Henningsen sa...

En av de fineste skattene i kista! Jeg lo så det verket i tapetarmen og de løsemiddelskadde lungene.

Trine sa...

Åh, skjønningsen Henningsen! Det var blodig alvor, men vel verdt å le av hundre år etter :) Sees på søndag, ta vare på din skadde flyttekropp i mellomtida! <3