fredag, november 18, 2011

Som ein jet-motor


fyk dagane avgarde. Samtalane mellom kaffidama på hjørnet og meg sjøl handlar utelukkande om vêret og kor fort dagane går. Det kjennes som om det er fredag og mandag kvar dag, heile tida.

Så eg har tenkt tilbake på sommaren, de veit den som aldri kjentes som om den verken kom eller gjekk, som var ei boble med godt, vondt, bittert, søtt og salt. Som var varm og kald, og for andre sommar på rad bada eg ikkje i norsk vatn. I den anledning prøvde eg å sende over bilder for å illustrere min sommar tjue-elleve. Det gjekk ikkje. Mobilen ville ikkje samarbeide. Så eg skriv bildene her, så får de lage dei i hovudet sjølv:

Bilde 1:
Sein-april. Det næraste vi kom sommar, iallefall i forhold til varme og sol. Bergenfest og glede. Latter, venner og vin på taket. Musikk, ballongar og årets einaste nachspiel.

Bilde 2:
Fine kvelder på Legal. Bobler i blodet, fnisete jenter og skribling av pompøse ord på dogg frå varme kroppar på vinduet.

Bilde 3:
Ryggen til Cecilie som skuar utover stranda, høgt oppefrå, på ei klippe på Kypros. Etter tre kvarter surrande rundt som mygg i syltetøyglas fann vi vegen til havet. Og livet kunne ikkje bli bedre.

Bilde 4:
Brodert duk og utdelte kort for ein omgang trippel Idiot på verandaen, også dette på Kypros. Malibu og cola i glasa. Vi er då ikkje gamlisungdom for ingenting, må vite.

Bilde 5:
Tilbake i Bergen. Te, epler, mann og Morgenbladet på frokostbordet. Mannen er forresten ikkje  bordet, men ved sida av.

Bilde 6:
Anne Mari og eg. Arm i arm nedover smaua i byen eg elsker. I shorts, faktisk. Sushi på taket og vin kvar dag! Eg kan lukte ho på pikerommet lenge etter at ho har reist. Ingen lukter så godt som Anne Mari.

Bilde 7:
Maja, Leonard, mamma, pappa og eg på Askøy. Små barnehender sorterer blad frå blåbær på ei rist i hagen. Og den store sjøen vi bada i når vi var små er berre ein dam no. Vatnet er kaldt, men dei finaste ungane i verden dypper både tær og knær nedi likevel. Alle skjell og krabbeklør er skattar.

Bilde 8:
Nathalia og eg, ekstatiske på Rihannakonsert. Røde lepper, dobbel dose vin i plastglas. Og når sexbomba i bikini syng "Redemption song", grin eg auga mine ut for alle dei som ikkje fekk leve lenger enn til slutten av juli i dette året ingen nokonsinne gløymer.

Bilde frå weheartit

5 kommentarer:

Lene sa...

Ordene dine skaper mye penere bilder enn hvilken som helst mobiltelefon. Jeg ble sommervarm, selv om fingre og tær egentlig er så kalde at de føles nummen. Takk!

Trine sa...

Sjøl takk, Lenemor! For at du er med på bildene mine!

beekeeper sa...

Nydelige bilder, Trinemor! Kom til Oslo igjen snart og lag noen med meg!
Bylarm en gang på nyåret kan være en bra anledning..:)

Trine sa...

Ja! Bylarm hadde vært en idè, det var jo så stas sist (om en ser bortifra trakasseringa i taxien på vei hjem; og ta tenker eg på deg, ikkje sjåføren...;))

beekeeper sa...

Hihi... Det er dessuten altfor sjelden man danser på bordet nå til dags, vil ha mer av det!