torsdag, juni 15, 2006

Dagens fråga; Korleis vite at ein er i live og har det bra no til dags? Her kjem svara (kven skulle trudd det): - Eg har fine songar på Ipoden, les Frou Frou, Death cab for cutie, the shins, og ein song som heiter "bright smile, dark eyes". Og alltid, alltid, min Tori. - Det var sol og varmt ein dag, eg kunne ligge på stranda innsmurt i kokos-olje og ikkje fryse. (Det er sant!) - Toblerone i kjølen!!! JA! - Nye gullsko! - Brun kropp - Fikk gå i bryllup, på årets finaste dag, til jølsters vakraste brud, fikk gå med fine sko, gullveske og ha på meg masse gullstæsj. - Fikk også drikke gin og vin i godt selskap, med perfekt lunch:) - Eg fikk style og sminke ein gut før bryllupet. Eg er så HELDIG! - Kan spise is når eg vil - det er jo sommar! - Skal få sjå og leike med alle desse menneska i næraste framtid: Heidi, Maja, Sasi, Netty, Eli, Cecilie, Velaug, Caroline, Anne Mari, forhåpentligvis Kristinemor også. Kort oppsummert er dette alle mine favorittar! - Eg sovnar til Martha Wainwright om natta, den fine franske songen. Ikkje fullt så kjekt at eg også vaknar til den samme songen, passelig i ørska, sånn i firetida. (Dette veit eg at Caroline kjenner til, og får spasme og kløe berre ved tanken på dette.) - Eg har fått lage masse smykker i det siste, til og med fått sydd litt! Kva kan eg sei? No jenter og andre, fortell Trine kva som gjer dykk lukkelege for tida. Og eg skal ikkje ha nokon ironiske kommentarar om å vaske lugubre hotellrom, okei Jeanette?

11 kommentarer:

jeanette_s sa...

hihi... oki oki! eg lova! TRusen takk for fine ord Trinemor!!:) Gleda meg til dokke kjem på besøk!

jeanette_s sa...

hahahah!!!! eg har skreve TRUSEN istaden for tusen!!!!

Trine sa...

Gu, så pinlig!!!!:D

Anonym sa...

Ingen aldersgrense her, ok ? Og også lov for hankjønns-personer..?
Du er ei flink bloggejente, Trine.

For en middelaldrende mann er lykken VM i Fotball, at Brann leder eliteserien, og at gitaren er stemt. Og at ALLE DE BESTE SÆKSTITAILLSLÅTAN befinner seg på min iPOD! Jezzzzz!

Ref: oldies.blogg.no

Solveig sa...

Så koselig :) Jeg er lykkelig fordi jeg skal på Norwegian Wood i morgen med vennene mine (BigBang :D), at jeg skal ha på meg verdens fineste bohem-kjole, at jeg snart får se gardisten min igjen, at jeg har blitt brun, at jeg ikke kom opp i muntlig i dag og at jeg har ferie :)

Trine sa...

Å! Så mange bra ting, Solveig!

Skulle ønske eg også skulle på Norwegian Wood og gå i bohemkjole! Og vere forelska!:) Kos deg så aller mest!

Anonym sa...

Det som gjer meg lykkelig er at om ikkje så alt for lenge, så kjeme to av dei personane eg sette høgast i livet til Bergen by, så eg kan leike med dei MASSE MASSE :) Savne deg sånn gulljenta mi! Skulle ønske me kunne vere tyrkertøse HEILE tida :)

Anonym sa...

Eller Cecc om du vil :)

Sasi sa...

Eg blir lukkeleg når Jeanette trusa seg:)

Eg savne alle trusejentene mine...!!!

Trine sa...

La oss ha en trusefest!!!:)

jeanette_s sa...

og eg blir lukkeleg når eg FÅR truse meg!