søndag, oktober 22, 2006

Maja venta i vindauget då eg kom. Ho såg på meg ei stund, der eg stod utanfor og vinka, lo og grein. Så smilte ho, eg var både huska og godkjent - hurra! Ei heil helg med min eldste og min nyaste bestevenn, to av dei jentene på jord eg skattar høgast, var terapi og underhaldning eg kan leve på lenge. Vi har leika, turna, lest bok, Maja klikka fullstendig av Marit Larsen og dansa hyperdans med jublehyl. Vi har spist "bollje" på størrelse med hovudet hennar, som greit vart oppbevart under armen når ho hadde spisepause. Eg har fått fleire av dei berømte "sossane" - svært våte, men akk, så sjarmerande. Vi har kosa masse, verdens beste, varme, lille klump på fanget. Ho insisterte til og med på at eg skulle legge ho - den første som har fått lov bortsett fra Heidi og Rune! I dag bada eg ho før eg dro heim, utruleg kor mykje ein snart-toåring kan le av ei tante med skum i fjeset, og ikkje minst kor mykje ho kan le av å skvette meg klissvåt over alt etterpå. Eg kan nesten ikkje forstå korleis vi greidde oss utan ho før, og er frå meg av lykke over at ho er komen for å bli. Når Majsa sov snakka og snakka sustrene, medan vi strikka og spiste snop. Perfekt kombinasjon. Eg har gjort Heidi ør av lengt etter Bergen, eg gleder meg som ein unge til dei kjem attende hit til sommaren! Då vil eg helst leike med dei kvar dag, omtrent:) I morgon, eller i dag eigentleg, sidan det er natt, har oldemor 101-årsdag! Hurrahurra for veldig gamle og veldig fine oldi! I morgon skal eg til Askøy med finkjole og ballongar og feire!

4 kommentarer:

jeanette_s sa...

åhh... eg ve ha ein tanteunge og..det høyrest soo kjekt ut!!!:) Maja e jo veldig søt då:)

Anonym sa...

heia oldemor! hurra!
dessuten er ikke tantebarn noe å kimse av heller - hurra for de og!
Ü

Anonym sa...

Såså!! Den første som fikk legge Maja, var MÆ! Til formiddagsluren lørdag (eller søndag ??) i uke 39.
..Sådeså..

Anonym sa...

Ho meinte eigentleg den første som fekk legge henne medan eg var heime samtidig. Då du fekk legge henne, Pappa, så var jo eg i Nice. Så det så ;-)

Det var så kjekt!!!