søndag, oktober 15, 2006

Heime i Førde i helga, her har hausten kome mykje lengre enn i Bergen. Det har vore godt å vere heime. Lufta er klar her, lyset deilig haustdiffust, tempoet rolegare. Og best av alt - eg har sluppe å teikne ein einaste strek! Sidan eg kom litt seint igong med oppgåva mi på skulen, blei det heilt ekstrem innspurt på slutten. Vi budde omtrent på skulen, og eg er så stiv i kroppen at det kjennes som eg har fått ein skikkelig omgang pryl. Menmen, i morgon er det ny veke, ny oppgåve, og mest sannsynlig ein ny vri på eigeninnsatsen... Uansett - eg vart nøgd med teikningane til slutt, og fekk god tilbakemelding, *jippihurrajuble* Neste helg skal eg til Kristiansund og gler meg som ein unge. Maja, Heidi og Trine skal ha jentehelg og berre kose oss og leike i tre dagar til ende. Eg har tenkt å lære Maja nye turntriks, så skal eg høyre på alle dei nye orda ho har lært seg. Ho har faktisk begynt å få nordmørsdialekt, til pappas store stolthet. Har ikkje sett verken Heidi eller Maja sidan i sommar, så det skal bli så kjempekjekt!

7 kommentarer:

jeanette_s sa...

heldiggrisen! eg og ve heimatt å snuse inn den gode haustlukta!

Anonym sa...

Du kommer til å kose deg med Maja! hun er finere, tøffere og gøyere enn noen gang!

Anonym sa...

Jah!! Eg glede meg så eg reint blir galen:) Håpe ho huske meg også igjen:)

Anonym sa...

Næmmen atte helledussen!! Eg som trudde eg sjekka sida di så ofte, det må jo ha vore nok ei villfaring.... Her her det jo SKJEDD noko - tataaa! (i motsetnad til på min eigen blogg *grinele*)
Maja er nettopp superflott, ho kjem til å bli så glad når du kjem!! Vi skal springe heim frå jobb/barnehage sånn at vi rekk deg!

Eg fekk 5 suss ("Mamma få soss", seier ho, og lener seg mot meg med tunga ut av munnen og svært alvorleg i blikket) før ho la seg for ein halv time sidan. Ho har hatt feber i dag og vi har berre kost oss masse masse. Nydeleg haustvêr, håpar det held seg til helga :-)

Anonym sa...

Forresten må du ta med deg strikketøyet ditt eller hekleriet ditt eller ka det no e du held på med for tida. Så kan vi hekle i hekken heile helga :o

Anne Mari sa...

Eg kom akkurat på at det e ca et år sia du besökte meg og det betyr at det e nesten nöjaktig et år sia vi mötte kvarandre sist. Men så kom eg på me en gong at vi såg kvarandre i sommer jo, og så blei eg gla men så kom eg på at eg likevel ville vere me deg no sjöl om eg såg deg i sommer og då blei eg litt mindre gla...

Anonym sa...

Ho sie boille, ichje bolje..(høh??)