søndag, juni 03, 2007


Eg vil her publisere eit av dei aldeles bedårande breva eg fekk av Vegard i gamle dagar. Han var minst like sær som meg når vi gjekk på ungdomsskulen. Deilig å ha nokon å vere i same båt saman med, når ein bobla over av sære tankar og kjende seg som den mest einsame og rare personen i verda. Ikkje rart eg var så glad i han.

Dette brevet fekk eg like før vi skulle på ein svært velorganisert hyttetur til Dvergsdalen, der vi nok - beklager mamma og pappa - fekk det til å høyrest ut som ein tur i regi av Deciding. Eh.. Det var det vel altså ikkje akkurat. Eg føler eg kan lese mellom linjene i dette brevet at Vegard ikkje syns det var så kult at eg skulle dra på rølpistur med alle hunkane i koret. Vel - here it goes:

"Hei Trine.

Eg må sei eg vart imponert over deg. Ja Ja, hyttetur! Det blir sikkert skikkelig morosamt. Men husk å vere forsiktig, og ikkje drikk altfor mykje. For du må jo ha litt kontroll. Nei, eg greier meg fint utan alkohol. Men det betyr ikkje at eg synest det er nullt av dokke å drikke. Eg går ut fra at dokke sjølv veit kor kult det er. Men sjølv likar eg ikkje tanken på å seie og gjer ting eg ikkje har kontroll over. Ja, eg er litt kjedeleg.

Eg gleder meg som ein gris til volleyballturneringa. Vi satsar på ein andreplass. B blir kanskje litt for harde. Eg har utruleg vondt i ryggen i dag, men eg håper eg blir bra til i morgon. Skal du spille?

Blir du med til Oslo i sommar. Kult! Bra du sa ja, det blir kult. Nei, no vart eg kanskje litt vell ivrig, typisk meg. Før blei eg faktisk kalt Ivrige Vegard.

Fy flate så god du var til å massere (eg meinare det). Berre synd du blir så fort sliten. Meir på andre sida altså.

(side 2:)

ANFINN MYKLEBUST

Milevis med stein og sand
store kulper full av slam
Der bur Anfikk Myklebust
I eit hus av raudbrunt rust
Senga hans er full av mus
Doen hans er kremmerhus
Middagen hans består av rotte
Han hadde innsett at han måtte
tvinge i seg rottelår
etter middag gulper Anfinn rottehår
Ingen veit at Anfinn minnest
Ingen vil Anfinn Myklebust minnest

Det var eit flott dikt eg skreiv no, til deg. Versegod. Viste du forresten att når mamma skal på do begynner ho å kneppe opp buksa 10 meter fra dodøra.

Mamma snaut også nasa si, ved middagsbordet. Mamma gjer det litt meir vanskeleg å få ein normal barndomm. Samme med pappa og hans lillefinger pilling i nasa når han ser på tv. Det verste er at DEI klagar på kvifor dei ikkje kunne få normale ungar. Det er jo dei som har gjort oss slik. Helsing Vegard Skaaheim. Fy faen kor snill du er."

Eg kan ikkje sei anna enn at breva frå Vegard er av mine aller mest dyrebare skattar.

8 kommentarer:

Anonym sa...

*hahaha*

"Eg går ut i fra dokke sjølv veit kor kult det er"


Dvergsdalen var jo ein skikkeleg suksess, synest eg å hugse..

Ein smarting, denne Vegard,
nesten som ei step-in storesøster (hadde du berre høyrt etter så).

jeanette_s sa...

ååhhhh...... for nåken fantastiske ord!:) e so kjekt å finne fram att gamle rare brev som ein skreiv før i tida.... alt det merklige vi greidde å få ut av dei små munnane våra (og som vi forsatt gjer)..hehe

Anonym sa...

Eg hørte jo på ein måte litt. Sånn inni meg, det var bare ingen som merka det. Hytteturen var utvilsomt ein suksess, Geir klarte å kline med ikkje mindre enn 5 stykker i løpet av to døgn. Skulle ønske eg kunne sei at eg ikkje var ein av dei.

Anonym sa...

Og eg må berre sei det; kun nokre få månedar seinare syns Vegard det var minst like kult som eg å drikke. Sådeså!

Sasi sa...

Tenk så godt at du har tatt vare på disse breva.

Anonym sa...

Eg tek av meg hatten
for den, utvilsamt, verdifulle skatten!

Og synest dessutan at rim godt kan bli eit fast innslag i bloggen din!

Ü

Anonym sa...

Ååå søte!

Anonym sa...

jeg tror nok dere var sjelevenner jeg:-)

klem Therese