onsdag, juni 13, 2007



Tenk - eg er på ferie. På ein stad der eg kan bade når eg vil, i vatnet som ligg tre meter frå husveggen. Der sola skin, humlene flyr døsne rundt hovuda våre, der salig kaos herjar inni og utanfor huset. Der ting vert leita etter dagen lang; men det gjer ikkje noko, dei får dukke opp når dei gjer det. I eit hus som er så fullt av skattar, at eg kunne vore her i hundrevis av dagar og likevel oppdage nye kvar einaste dag. Eg er på ferie i ei ekte skattekiste, og det er ein fin stad å vere.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Og forresten, så er jo eg på bildet altså, langt uti vatnet. Litt type "Hvor er willy", om nåken huske..:)

Sasi sa...

JA! Han med stripene.

Så bra at det var ein fin ferie. Eg trur på at det var eit skatteparadis;)

Sasi sa...

Eg såg deg..hoho

Tore du virkelig å svømme så langt ut aleine?!:-O

TØFFA!