søndag, juni 03, 2007
Stakkar lille bloggen. Det må vere trist å vere deg om dagen. Eg skal gjere det godt att, sjå - eg har allereie begynt!
Eg kan lage ei liste, for eksempel. Over kvifor du så uanstendig og ufortjent har blitt offer for manglande skriving og ekstremt lite merksemd:
1. Facebook (eg veit det, eg er ein fæl og tarveleg svikar, og eg angrar sjølvsagt)
2. Skule (bør heilt klart vere godkjent årsak)
3. Sol (eg skjønar om denne er vanskeleg å svelge. Men kjære skattekiste, jobb litt med saken, er du snill?)
4. Død maskin, bildet forsvann, og ikkje eingong min brilliante supernerd av ein far greier å reparere den (dette er jo ein heilt ekte grunn, faktisk)
5. Kjæreste (Han er komen for å bli - deal with it!)
6. Diverse hotte chicks
Alt dette er trass alt det som legger basen for at eg har noko å skrive om her. Så eg reknar med vi allerede har lagt dette bak oss, eller hur, Skattekiste?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar