torsdag, august 30, 2007



Eg fekk kjeft i går, eg. Av ei dame på bussen på veg til jobb.

Hadde snakka med Anne Mari ei stund - om lillebror i Heidi sin mage, som aldri vil komme ut, om menn som kan vere teite iblant (eg seier ikkje at dei ER det, men dei KAN vere), om togprisane til Geilo og diverse. Sidan eg sjølv har irritert meg over folk som prater i mobil på buss, gjerne med utestemme og om dei mest intime detaljar om sitt liv - snakka eg med innestemme og nevnte ingen ord som kunne tråkke folk på tærne (her kunne eg gjerne lagt ved ei liste over kvaslags ord eg meiner, men de greier sikkert tenke dykk til det sjølv).

Iallefall - omlag på Fantoft snur dama i setet foran meg seg og seier: Er du kanskje snart ferdig å snakke i mobilen? Det er nemleg veldig slitsomt å høre på.

K-e-remt. Eg blei paff. Det vert eg alltid når framande folk snakkar til meg på den måten. Som då eg jobba på Living og ei snerpete dame i sekstiåra fekk seg til å seie: "Hør no her, lille venn", (ho sa det med kursivstemme; ikkje snakk til meg med kursivstemme for helvete, eg blir hysterisk) då eg som sant var hevda at ho umogeleg kunne ha fått ei avis frå oss i posten på ein onsdag - spesielt ikkje ei med eit bilde av eit sengesett vi ikkje hadde - når vi sendte ut avisene våre på mandagar. Hennar "lille venn" var eg ikkje, og det var heller ikkje i mi interesse å bli det. Vårt vennskap heldt seg omlag på same nivå, kanskje hakket under, då eg fann ut at avisa hennar var frå Interiørland, og med avmålt stemme ga ho veganvisning og ba henne ha ein strålande dag.

Tilbake til bussdama frå i går. Kva skulle eg gjere? Sei til Anne Mari at eg dessverre ikkje kunne snakke meir, fordi eg ikkje fekk lov av dama foran meg? Niks! Så eg stilte Annemi leiande spørsmål som eg visste ville få henne til å snakke lenge - slik at eg berre kunne sei mhm, å, åja og ja, eg veit det - alt dette med kviskrestemme; helst på innpust.

To stopp seinare gjekk den slitne, slitne dama av. Det var såvidt ho greide få seg utav bussen, så sliten var ho.

Kjære bussdame:
Sidan bussen var stappfull av folk som snakka på alle kantar, er det nesten eit mirakel at du greide sile ut min stemme frå dei andre. Ingenting er i vegen med hørselen din, med andre ord. Det kan du helse og sei til legen din.
Også berre ein liten ting; Dersom Anne Mari hadde vore i bussen, vedsidan av meg, istadenfor i telefonen - då skal eg love deg vi ikkje berre hadde snakka høgare, vi hadde også snakka dobbelt så fort og mest sannsynleg dobbelt så mykje. DÅ skulle du fått kjent på slitne øyre, då! Så tenk gjerne litt på det til neste gong.

Og pappa, eg veit du kjem til å kommentere dette, så eg kjem deg i forkjøpet. JA, eg vart fornærma. Og, jada, eg veit eg er barnsleg. Men herlighet, då.

9 kommentarer:

jeanette_s sa...

Å HERREGUD FOR EI SNERPETE DAME!!!!! eg kjenne eg koka inni meg når eg las kva ho hadde sagt te deg!!! Det verste e at ein ikkje heilt veit ka ein ska seie der og då, men kjeme på mage gode og saftige fraser som ein skulle ha sagt- etterpå...

Sasi sa...

Sånt ødelegge dagen min!

Anonym sa...

#%¤&#%"¤%"#¤%

Trur NEPPE at du kan klare å vere så slitsom - gulle mitt!

.... men så måtte eg le*he*he ganske masse også....

Forresten e du like snill me teite kunda som eg e me teite pasienta.

Anonym sa...

Eg satt på bussen i går og ved sia av meg satt to unge jenter - den eine av dei snakka nesten kontinuerleg, veldig høgt med skingrande austlandsmål. Og herlighet, det var om kossen alle i heile slekta hadde dødd og om mensen og klimaendringar og kem veit ka slags lekk filter som var installert der i garden... DET var 20 slitsame minutt, kanskje eg skal finne denne jenta og så kan du finne den teite dama, og så kan vi plassere dei ved sida av kverandre på bussen ein dag?

Anonym sa...

Herli bilde forresten!

(og nei, eg har ikkje betre å ta meg til enn å kommentere i det uendelege...)

Sasi sa...

Hehe, kjenne meg ignen der Heidi:)

Lykke til med det som forhåpentligvis skal skje ganskje snart;)

Sasi sa...

eller igjen om du vil..

Anonym sa...

Hehaheh, broilerbrille! :) Beklager, men eg greide bare ikkje å bli provosert av å lese det, måtte bare le egentli.

Men eg trur kanskje eg hadde hata den dama hvis det va meg som snakkte høyt og fort.

Ho va sikkert virgin.

Anonym sa...

HEHEHEHEHE!