mandag, august 20, 2007






Vi er i Valdres. På ordentlig ferie denne gongen. Begge har fri.

Det er ein slik ferie der vi ikkje "skal noko". Ingen strand vi må rekke før sola går ned, ingen handlegater (det er riktignok ei på Dokka, men den tel ikkje) og heller ingen turistattraksjonar som må sjåast før dei stenger eller vert angripne av terroristar.

Så det vi gjer er ordentlege ferieting. Slike frå åttitalet. Les bøker - eg held på med mi tredje og frydar meg. Vi går tur med Lyda, på togskinnene eller i skogen. Eg har baka brød, skrapa gammal måling av vinduskarmar og klippa hekk. Bent og Arne har laga trapp ned til vatnet, av digre bjelkar dei har slept frå under dei gamle togskinnene (om nokon vert bekymra for NSB, så er altså skinnene ikkje i bruk lenger...). Bent er så full av gangsperr at han har bestilt rullestol OG rullator, sjølv om Arne meiner det må halde om vi stappar han i ei trillebår. Men eg trur det har vore verdt det likevel. For trappa er så fin at det er rart dei ikkje har overnatta i den. Og den skal innviast med champis før vi drar, har eg hørt.

Ellers har eg fiska litt, utan særleg hell. Eg skylder på den utspjåka transvestitt-sluken eg brukte. Tippe all valdresfisken tenkte: Jeah, right, særlig at det der er ein fisk - og snudde halen til.

Best av alt, nesten; natt til søndag var det stjerneklart her. SÅ fantastisk vakkert. Det er sjeldan og altfor lenge sidan eg har sett stjernene så klart, det er jo så mørkt her, langt oppe på fjellet. Ein slik stjernehimmel gjer meg sug i magen, nett som då mamma si kusine passa Heidi og meg for hundre år sidan, og tok oss med på plenen med lass av pledd over pysjamasane. Det var langt over leggetid og vi måtte sverge på å ikkje fortelle det til mamma. Vi berre låg der lenge, i den kalde haustnatta og betrakta himmelen. Eit par dagar seinare var det visse personar som gjorde ein glipp, og dermed avslørte heile greia. Tippar ingen kan tenke seg til kven det var.

Uansett; i går kveld sat eg på trappa og venta på stjernene igjen. Dei kom ikkje, av logiske årsaker (les: tungt skydekke). Eg skal vente i kveld også, eg, medan eg høyrer på mørkret som er så stille, så stille her. Fytti, det er godt med fri frå byen iblant!

4 kommentarer:

Sasi sa...

Den perfekte ferie;)

Anonym sa...

For et herlig liv!
Man skal slett ikke kimse av "landet"!

Blir det noe tante på deg snart eller?
Ü

Anonym sa...

Fint:)

Annis

Anonym sa...

Akk, ingen tante2triks enda. Men eg trur han kjem natt til søndag. Har eg bestemt iallefall. Landet er perfekt!:D