tirsdag, oktober 27, 2009

Eg er heime i Førde. I går såg eg i fotoalbum frå min barndom. Eg likna ikkje på nokon når eg var baby. Eg var det eg helst vil kalle "brun og fin", men som mamma insisterer på var gulsott, eg hadde ekstremt masse hår, og såg ut som ein eskimo. Naboane sa eg likna på postmannen. Eg veit ikkje om det er sant. I den seinare tid hadde iallefall postmannen lyst hår og pottesveis. Og bart, forresten. Då eg var på leiskule som seksåring, fann eg mitt indre, og hittil framleis blant topp 3 av skjulte talent (ja, dei andre to er brua og spagaten). Dette talentet består i å kunne bøye det øverste leddet på fingeren i 90 graders vinkel. Det ser heilt sjukt ut, og eg kjenner ingen andre enn meg sjølv som kan dette i så ekstrem grad. Iallefall ikkje før eg såg Jahn Teigen på framsida av Se & Hør gjere nettopp dette. Han hadde dette talentet på grunn av leddgikt, men smilte like blid fordiom. Og eg fekk ein støkk i hjartet når eg såg det. Eg lurte lenge på om dette kunne vere tilfeldig, eller om mamma på ein måte hadde vore på konsert omlag ni månader før eg kom til verda. Ein veit aldri med groupies, og det kan jo hende det var fleire grunnar til at Jahn Teigen alltid gjekk på full guffe på platespelaren når mamma vaska huset. Eit stakkars barnehjarte vert lett forvirra over manglande likhetstrekk med sin påståtte far (for eksempel hadde eg verken briller eller bart), når slike mystiske "tilfeldigheter" kjem for ein dag i bladhylla på Rema. Heldigvis fekk vi eit bilde av pappa sin far og alle hans søsken då eg var femten. Likheten mellom pappa si tante og meg sjølv var så slåande at eg nesten vart skremt. På bildet er ho også rundt femten, og sit rakt og alvorlig med blikket rett i kamera og ser heilt ut som meg. Ein ting mindre å bekymre seg over. Likevel, eg har hørt Jahn Teigen såpass mykje på plate at vi har eit band som ikkje slites så lett. Tipper ingen andre ungar har sunge høgare og med meir innleving "Du er en sheeell-stasjon!!!" (Også kjend som "Du er en sensasjon" for dei som faktisk kan norsk og høyrer etter på tekstane). Vel, Jahn, det kunne vore du og eg, men beklager - både hjartet og gena mine høyrer til ein John. Men gratulerer med overstått! Du er ikkje så verst du heller!

Ingen kommentarer: