mandag, oktober 12, 2009

"Rødjakkedamen" har blitt eit fenomen på jobben min. Dama har, som de sikkert allereie har gjetta, rød jakke. Ho har gyllent hår, klippa i ein fasong totalt annleis enn alt anna eg nokonsinne har sett. Ho har ikkje-eksisterande hår foran øyrene, fordi det er klippa rett av i kant med augebryna. Ein kan kanskje betegne det som ein heilt fullstendig gjennomført skål-klipp. Rødjakkedama er innom gjennomsnittleg ein gong i månaden. Ho handlar alltid hos meg. Eg trur det er fordi ho har ein tendens til å komme like før stengetid og då er som oftast eg på jobb. Det er nok forresten også fordi eg er den einaste som klarer å vere tolmodig lenge nok til å hjelpe henne. Eg veit etterkvart at Rødjakkedama bur utan andre menneske, men ho har minst to kattar. Ho er veldig glad i desse, det merker eg, samtidig snakker ho alltid litt halvstygt om dei; Dei røyter veldig, er skikkelig snobbete, ho får dei ikkje til å spise vanlig kattemat, dei grin seg til luksusmat frå dyrebutikken. Dessuten har dei eit stort forbruk av fleecepledd, og det er der eg kjem inn i bildet. Denne dama er eit komplekst menneske (vel, kven er ikkje dèt?) - på den eine sida verkar det som om ho syns det er ei ekstremt stor utfordring å gå til ein butikk og forklare sitt behov ved å ta kontakt med andre menneske. På den andre sida virker ho totalt utsulta på mellommenneskelig kommunikasjon; ho får liksom ikkje nok, samtidig som ho syns det er slitsomt og veldig vanskelig. Etter å ha hatt Rødjakkedama som kunde mellom tjue og tredve gonger, veit eg handlingsmønsteret til minste detalj. Ho kjem smygande inn, vandrar langs hyllene. Held seg langt unna dersom eg har andre kundar, men beveger seg liksom-tilfeldig ganske raskt i mi retning om eg er aleine. Plutselig er ho der, berre. Og eg kan spørre kva eg kan hjelpe henne med i dag. Ho skal ha fleecepledd. Kvar gong. Ho finn dei på førehand, slik at ho alltid har to stykker og velge mellom. Minst eitt av dei er alltid raudt. Rundt juletider har ho rekord i å ha vanskeligheter med å bestemme seg, då graden av ulike fleecepledd i raudt er høgare enn resten av året, og vi kan risikere at ho må velge mellom fire ulike, røde. Då får til og meg eg min tålmodighet kraftig sett på prøve. Uansett, Rødjakkedamen ser meg sjeldan i ansiktet, ho mumler, trekker den eine munnviken ofte til side og ser rimelig mutt og oppgitt ut medan ho skal bestemme seg. Choices, choices, liksom. Det eine eller det andre - eller (helst ikkje) det tredje? Sukk, kattene klorer og biter hull i pledda, men dei må jo liksom ha pledd, sant, for dei må jo ha det koselig, det er jo viktig både for katter og menneske. Jada. Det er jo dét. Prosessen for avgjerd lakkar og lir, ofte tek det meir enn tjue minutt, og ho vil helst ha meg der heile tida. For å hjelpe henne med å bestemme seg, men eg veit jo at det ikkje er vits uansett. For når ho endelig har bestemt seg, kjøpt teppet, betalt og eg har lagt det i posen. Sagt hadetbra! Da går Rødjakkedamen. Til trappa. Så snur ho, kjem tilbake, og har ombestemt seg. Kvar gong. Forrige gang ho var i butikken braut Rødjakkedamen mønsteret. Midt i "skal-vi-se-hm-em-det-eller-dèt-ka-skal-eg-velge-eg-vet-ikkje", fortalte ho at ho hadde vore hos frisøren dagen før. Åja, sa eg, ja, det kan eg jo sjå, forresten, at du er nyklipt. Men det var eit problem, nemlig, ho vart ikkje heilt fornøgd, så ho hadde prøvd å rette det litt bak, uten speil og ikkje med spesielt god saks. Jasså? sa eg, og merka at eg begynte å stusse litt på kva som egentlig foregjekk no. Brudd i rutinene, skummelt. -Helt ærlig, er det veldig stygt? sa Rødjakkedamen, såg meg rett i auga og snudde seg rundt. Eg fekk heilt panikk. Det var krise. Det såg heilt forferdelig ut. Og kva skulle eg sei? Nokre tilfelle er for ekstreme til å lyge og sei Neeida, detvar så fint, så. For i bakhovudet hadde ho ei trapp. Ei veldig skeiv og veldig ustrukturert trapp. Nokre stader kunne ein sjå hovudbotnen. Shit. Eg sa at eg på ein måte kunne sjå at ho hadde gjort det sjølv, men det var ikkje veldig stygt. Kanskje ho skulle gå innom frisøren igjen og spør om dei kunne fin-klippe det litt? Det kunne dei jo sikkert fikse. Dessuten ville det vel vokse fort ut igjen. Ja, det kunne ho jo. Etterpå bestemte ho seg for pledd. Når ho betalte nevnte ho i forbifarten at ho hadde bursdag. Eg sa Oi, hurra, da må jo du spise kake i dag! Ho likte ikkje kake. Og når ho kom til trappa, snudde ho ikkje. Ombestemte seg ikkje, denne gongen. Eg håper ho kjem tilbake.

4 kommentarer:

Anonym sa...

du e så flink å skrive trine mi:) gleder meg til fortsettelse av rødjakkedama fortelling:)

klem fra krisine y.

johanna sa...

hahaha, jeg tror du har fortalt meg om henne. herlig tekst!

Lene sa...

Nå er det lenge siden jeg har sett rødjakkedamen. Kanskje kattene har dødd.
Eller kanskje det ikke er katter i det hele tatt. Det er mulig hun bruker dem som unnskyldning, når hun egentlig hamstrer røde pledd for å donere vekk til julenisser...

Gjest sa...

Så morsomt skreve. Du e jo berre så flink! Spennande å höre om rödjakkedama:)
Annedi