På Oldemor sin hundreårsdag spurte eg henne kor gammel ho kjende seg på innsida. Ho svarte at ho sjelden hadde følt seg eldre enn 23. Isåfall har eg slått henne allerede, iallefall no om dagen. Eg veit at eg har nevnt våren i dei siste søtti innlegga her, og eg veit ikkje kvifor eg lengter slik etter den i år. Vinteren i fjor var lengre enn i år. Men eg kan ikkje huske at det var vår i det heile tatt i 2010. Ikkje sommar heller, for den del. 2010 var det første året i mitt liv der eg ikkje bada i Norge. Når eg tenker på det no var det jammen superflaks at vi dro til Spania, for ellers hadde det ikkje vore andre årstider enn vinter i mitt tjueniande år.
Anne Mari og eg snakka om det når eg var hos henne; at når vi var små var alle årstider toppen på sitt vis. Snowjogs og akebrett gjorde vinteren fullkommen. Å drikke kakao på termos og spise dobbel brunostskive fra vottehand sittande på gjerdet utanfor rekkehuset i Kongleveien 1d. Tynn vårjakke og småsko var ein dobbelseier medan ein gleda seg til tusen is på 17. mai og at snøen skulle smelte på Hafstadfjellet. For det betydde at eg fekk gå uten strømpebukse. Og da var det sommar og dødsviktig å ikkje få grønske på knea. Lukta av blomsterkrans på hendene og sand i håret. Donaldblad og saft på altanen. Eg kan ikkje huske at eg måtte bruke solkrem når eg var liten, men eg måtte det heilt sikkert. Hausten, deilige haust. Med tørt løv, forhåpentligvis, og epler i alle lommer. Spennande leiker ute når det vart mørkt om kveldane og Buster kunne gøyme seg bak alle hushjørnene. Det var mange hushjørner i Kongleveien. Tjukkegenser og lue før boblejakka måtte på, berre litt kortare i armane enn sist.
No kjenner eg meg 7 år igjen. Eller i det minste 23.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar