torsdag, juli 07, 2011


Denne sommaren har vert merkelig. Eg har trudd den har vore like rundt hjørnet konstant. Det var eigentlig mest sommar i april under Bergenfest. Etter det har været operert med eit fiffig reknestykke der ein soldag er lik ti påfølgande regndagar. På langt nær herlig frekt. Berre frekt.

Eg har tenkt mykje på sommaren 2006. Det var ein spesiell sommar. Eg budde heime, jobba på sjukehuset om dagane og var med Molly om ettermiddagane. Det var sol, og vi var på Langeland og bada omtrent kvar dag. Spiste After Eight-kuler og fylte NAF-boka i mamma sitt hanskerom med tomt godtepapir og syns vi var kjempemorsomme. Vi var forelska, hadde kjærlighetssorg og sommarfuglar i magen, alt om ein annan. Såg Six Feet Under om kveldane. Det var i det heile tatt ein sommar der ting gjekk for fort, for sakte, bakover, rett fram og i alle retningar. Med soundtrack av Death Cab For Cutie, Imogen Heap, The Shins, Regina Spektor og Laleh. Vi hadde nedrulla vindu i bilen, vind i håret og sang "your love is gonna drown" igjen og igjen.  Eg følte meg veldig stor, veldig liten, og det var Vegard sin siste sommar.

I dag etter hundre meldingar fram og tilbake med Molly på facebook, sendte ho meg Laleh sin "Live tomorrow" og eg måtte berre høyre gjennom alle songane fra min 25. sommer og påfølgande haust. Denne blei spilt omtrent i hel. Vegard er mitt tre som framleis er grønt i november. Versågod, høyr her!

Laleh, November

2 kommentarer:

Sasi sa...

Meinar du verkeleg at alt dette skjedde i 2006? Skummelt! Har tida berre regna vekk? Det kjennest sånn akkurat no i alle fall.
Måtte resten av sommaren bli fin og god på alle måtar. God sommar, min vakre og flinke skribent <3

Trine sa...

Ja, det gjorde visst det! Tida flyr!

Nyt sommeren du også, fineste Sasi! SIkkert deilig med etterlengta ferie, no har eg bare seks dager før tre nydelige uker fri!! :D Og da skal vi slurpe vin med nordlendingen! Gleder meg!