onsdag, juli 08, 2009
lørdag, mars 28, 2009
fredag, mars 20, 2009
Helsiken, den tjeneren tok sannelig plass. Sprengte heile bloggen, gitt. Jaja, då håpar eg ho gjer meir nytte for seg framover.
Forresten, er det egentlig nødvendig at han der fele-grand-prix-mannen ligger på spelelista til P3? Eg merker eg blir ein smule irritert, han er jo på alle kanalar konstant. Det er kanskje unødvendig å nevne at det strengt tatt ikkje skal så mykje til å irritere meg no - i og med at eg ikkje har spist middag. Sultne-Trine er som kjent sur som eddik. Men det er ikkje min feil, eg er faktisk arveleg belasta og kan ingenting for det.
På att med jakka, middag aleine.
søndag, mars 15, 2009
No skal vi sjå. Om eg framleis greier blogge
Etter over eitt år. Har eg framleis eit såpass interessant liv at det kan skrivast om det? Ved nærare ettertanke har eg vel som oftast skrive om det, uansett kor uinteressant kvardag eg har.
På over eitt år - har eg lært noko nytt? Har det skjedd noko? Lat meg lage ei liste.
Dette har skjedd:
- Eg har fått ny nevø, som no er over eitt år og kan sei Hei i ein dørstoppar, når han lét som den er ein mobiltelefon.
- Eg har blitt sambuar. Dette var stort, etterlengta og veldig gøy.
- Eg har blitt sjef - plutselig, intenst og hektisk.
- Eg har fått langt hår, klippa lugg, angra, spart den ut igjen, klippa lugg, angra igjen. No får eg den snart i hestehalen, så alt er klart for ein sommar utan svett panne.
- Eg har gifte bort Anne Mari, vore i Göteborg, Helsingborg, København, Valdres og Praha.
- Til sommaren skal eg til New York - eit resultat av ein overveldande premie eg vart tildelt under forrige jobbsamling.
Dette var berre eit assortert utdrag. Det har strengt tatt skjedd ein heil del meir.
Dette har eg lært:
- At kvardagar er deilige, sjølv om dei kan sjå kjedelige ut, både nært og på avstand.
- Nokre jenter kjem aldri til å innsjå at dei ikkje skal bruke hudfarga strømpebukse. Det må eg berre lære meg å leve med.
- Eg kan være både streng og sint, utan at verda går under og folk vender ryggen til meg. Dei vert berre lettare sjokkert til å begynne med.
- Det er visst på tide å kjøpe steinvaska jeans igjen. Eg kjem til å nekte ei god stund til. Når eg til slutt ikkje greier la vere lenger, kjem ei viss storesyster til å le så ho tisser på seg om ho nokongong oppdager dette.
Ein mjuk start. Eg skal begynne å blogge igjen. Eg gler meg allereie.
fredag, mars 07, 2008
fredag, februar 01, 2008
mandag, januar 07, 2008
HERREMINHATT OG DRA TIL SJØSS
Vi hadde vel alle våre meir eller mindre vellukka batikk-eksperiment på ungdomsskulen. Hedda, for eksempel, hadde sikkert ein heil garderobe full av heimebatikkerte klede. Eg heiv meg også på karusellen og mekka ei lilla t-skjorte frå UNO med fiffig kvitt splætt-mønster. Batikken var overalt der ei stund, til og med mongo-Willy fekk med seg trenden og investerte i ein batikk-sarong i gåve til meg då han var på sydenferie. Denne spikra eg med stor iver opp i taket i mitt akk så alternative pikerom den gongen.
Om ikkje dèt var nok, var mitt aller største ønske til femtenårsdagen ein brun sarong frå Fellini (den mest innovative klesbutikken i Førde på den tida, no ein "redd-meg-eg-er-tjukk"-butikk) med batikkflekkar i dei mest diffuse fargar. Til mi store entusiasme fekk eg den, tidleg ein iskald november, og valsa stolt rundt i den, herleg frekt matcha med pologenser og støvlettar med altfor kraftig såle.
No observerer eg til mi store skrekk at batikk er i vinden igjen. Kva skjer med jorda!? Om ikkje den globale oppvarminga var skummel nok! Fanden heller.
onsdag, desember 26, 2007

Herr og Fru Grønseth på jakt (på kvar sine vis) etter "den forsvunne" julegaven frå Heidi. Etter at eg hadde halvvegs pådratt meg magesår fordi eg trudde
a) Eg hadde gløymt den att i Bergen,
b) Mista den på bussen frå Bergen,
c) Åpna den sjølv,
sa plutseleg pappa: Men æ føle æ har åpna en pakke me alle navnan dæmmes på. Mamma (svært skeptisk): Ja, ka va oppi den då, Joon, hm? KA va oppi den, liksom?...
... då kom eg på kva som faktisk var i pakken, for dei hadde nemlig åpna den..
At ein heilt familie kan bli råka av Alzheimer i løpet av ein julekveld, det trudde eg ikkje var mogeleg.
søndag, desember 09, 2007
tirsdag, desember 04, 2007
Eg tenkte å utlevere mine facebook-venner. Sidan ein utleverer seg sjølv der, tek eg det herved litt videre. Skal vi sjå:
Elizabeth saknar nokon, eg veit ikkje kven. Bror skal leige ut ei leilighet, det veit eg allerede, for eg solgte han kirschstenger i går. Even er ferdig - sikkert med eksamen. Gratulerer! Sigrid er lykkelig, Vibeke skal på jobb, Ane har sletta favorittane sine på Mozilla og er forbanna for ho veit ikkje korleis ho fiksar det. Stakkar. Øystein takkar for alle bursdagshelsingane. Eg visste ikkje at han hadde bursdag.
Min far er svært fornøgd, av uvisse årsaker. Skjalg er sikker på usikre ting. Bra for han. Alexander og Joakim er begge tilbake i Bergen, medan Karen er i Oslo. Kristian er full i billettar til festen 2. juledag, det er berre å sende sms om nokon er interesserte. Heidi, stakkar, er sliten som ein sopp. Nathalia er framleis Miss Ugly Finger, men lykkeleg i dag likevel.
Marthe er madly in love with Nepal, Silje koser seg på stranda i Uruguay, Cecilie har dratt til Østerrike, Erik skal feire nyttår i Paris og Aleksander er på veg til Gran Canaria. Det er nokon som har det, tydelegvis.
Beate er klar for jul, Oddbjørn et ti kilo mandariner og Daniel er julebruskongen.
Trine derimot, er sjuk og heime frå jobb. Og finn sko ho kan sette på ønskelista.

torsdag, november 22, 2007
lørdag, november 03, 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)