søndag, desember 24, 2006

God jul til alle mine trufaste lesarar og kommenterarar og kjære, kjære venner! Eg vil i dag, som alle andre dagar ønske dykk alt det beste, og i tillegg at alle får varme klemmar, god mat, får pønte seg, har fyr i peisen eller lys på treet, får minst ein skatt i ein pakke og mange smil frå gode menneske. Og eg vil berre minne på at mobilen min framleis er sjuk etter overdosen med kvitvin ein sein kveld, så eg har til tider store problem med å tolke meldingar som kjem inn. Begeistra klemmar frå Trine, som no skal spise ekte frokost etter tre timar med sjokolade:)

1 kommentar:

Anonym sa...

God jul, vesle bjørnen min :) Håpe du har fått mange skatta og har ete deg tjukkebollafeit på sjokolade.... :P