fredag, desember 22, 2006

Akkurat no er det eitt år sidan eg laga denne bloggen. Eg låg på golvet i leiligheten på Sandviken brygge, med klede, julegåver, sko og dill overalt. Fredrik hadde dratt til Haugesund, og eg burde ha lagt meg for lengst, sidan eg skulle på jobb tidleg dagen etter. Så laga eg skattekiste istadenfor. Sprøtt kor mange ting som har skjedd på berre eit år. Eg har budd tre forskjellige stader, i tre ulike roller - først var eg kjæreste, så vart eg plutseleg "minstejenta" i huset, før eg til slutt endte opp med å vere berre Trine. Eg har mista ein kjæreste, men heldigvis beholdt ein venn. Forlatt ein jobb, for ein ny som likevel var velkjend og "gammal". Fått ny skule, med nye menneske - nokre har blitt favorittar, og andre til stor frustrasjon. Eg har blitt betre kjend med mitt aller yngste favorittmenneske, som no for alltid vil kjenne ansiktet mitt og kunne navnet mitt. Eg har vore i andre land, smakt ny mat, lukta nye lukter. Eg har hørt ny musikk og fått nye aha-opplevingar; nesten på linje med Tori (sjølv om ingenting likevel kan måle seg med akkurat ho). Eg har knytta meg til folk eg ikkje burde knytte meg til, blitt kalla alt frå rotte til prinsesse. Tatt avgjerder eg der og då syns var geniale, som seinare viste seg å vere over middels store feilsprang. Bestemt meg for noko, og rett etterpå gjort det heilt motsette. Eg har hosta til eg brista eit ribbein, ledd så eg trudde eg skulle krepere, grått så mykje at ein heil skuleklasse kunne hatt svømmetime i saltvatn. Eg har kjent ei maktesløyse som eg aldri før har kjend, eg har forbanna alle overmakter, samtidig som eg har håpa, hylt og bønnfalt - til ingen nytte. Kjent ei sorg så tung at eg - grinetrine, som gret lett som ingenting - berre ikkje greide å grine. På lenge. Eg har kanskje spist søtti kilo sjokolade, drukke nitti liter øl. Eg har vore full som eit charterfly (sorry mamma), sint som eit troll, sliten som ein trehundreåring, forferdeleg trøtt, uten å klare å sove, trist - så uendeleg trist, men heldigvis også så glad at eg ikkje trudde det var mogeleg. Eg ville ikkje vore det foruten. Som dei fleste andre år. How did it go so fast you'll say as we are looking back and then we'll understand we held gold dust in our hands Sights and Sounds pull me back down another year I WAS HERE

6 kommentarer:

Anonym sa...

Min fine, min Trine. Du skrive på fint på din ansikt at eg nesten mådde grine. No skal eg gå sove i senga di.

jeanette_s sa...

heilt enig. Du e so flink til å skrive trine:) Eg fekk tårer i augene. Og eg skal banke dei som kallar deg rotte;) Du må ha ei uendeleg god jul! Fekk ikkje sagt hade til deg før du reiste.... so: GOD JUL BELLA!:) Love u:)

Trine sa...

Og til deg, Bella sjøl:) Good juul!!! Håpe du har det like godt heime som eg har!:)

Anonym sa...

Rart å sjå kor mykje ein igrunn har gjort på eit heilt år..

Den sangen har eg forresten lasta ned og fått på hjernen.

God jul!

Anne Mari sa...

Hei vennen. så fint du skreiv. Kjempefint! Takk for at eg har fått möte deg 3 gonga på et år. No forstår eg foresten koffor eg ikkje har hört nåkke fra deg sia mobilen din ikkje funke. sei fra når den funke igjen og god jul

Anonym sa...

Andre Bjerke var en rigid rimsmed, men hadde uante dybder i sin diktning.

Se en litt fin hjemmeside:
http://nemimontoya.net/m_bjerke.htm
Denne Nemi-tilhengeren har festet noen fine Bjerke-dikt til sin side. Les dem!

Dette diktet er "mitt":

Berceuse

Sov, sov lille mann
Livet er en drøm.
Over mørke morildvann
Seiler du mot nattens land...
Alle er alene.

Bølger nynner mot din båt:
Livet er en drøm.
Dyp er sjøen, salt og våt...
... som av mange øynes gråt...
... Alle er alene.

Natten er så lang, så lang.
Livet er en drøm.
Synk i søvnens myke fang-
Drøm at det blir dag en gang
Alle er alene.

Bare synke, synke ned!
Livet er en drøm.
Der i søvnens sjø et sted
Vil vår uro finne fred.
Alle er alene.

Ensomt suser vår planet-
Livet er en drøm.
Intet vet vi, det vi vet
Er at alt er ensomhet.
... Alle er alene.

Lev, lev lille gutt.
Livet er en drøm.
Før du aner er det slutt,
Snart er alle broer brutt.
Alle er alene.

Drøm, drøm lille vår
Livet er en drøm.
Hvor vi kommer fra, hvor vi går-
Er det ingen som forstår.
Alle er alene.

Gro, gro lille frø
Livet er en drøm.
Mørket mumler om vår Ö:
Kanskje skal vi aldri dø?

Alle er alene.