onsdag, februar 21, 2007
Born to multiply, born to gaze into night skies,
All you want’s one more Saturday.
But look here, until then They’re gonna buy your nice time
So keep your wick in the air and your feet in the fetters
To the day.
You come in doing cartwheels
We all go out by ourselves
And your shape on the dance floor
Will have me thinking such filth and gauge my eyes.
Eg blir like gladtrist kvar gong eg høyrer "Australia" med Shinsa mine, sjølv etter den million`te gongen.
So give me your hand and and let`s jump out the window. Helst!
Og dagens gladnyhet: Tori kjem med nytt album 1. mai og skal turnere i Europa i sommar. Ho kjem innom Norwegian Wood. Eg dånar av lukke!
Spesielt interesserte kan jo sjekke toriamos.com for å sjå bilde frå det nye albumet. Tori har tydelegvis framleis uoppgjorte greier med Jesus og gjengen. *Gledeseg*
mandag, februar 19, 2007


THE FLU - UHU
Vi var skrale og miserable i forrige veke. Alle tre, to snørrkvalpa og eit kvalmebrett. Så vi låg oppå kvarandre i sofaen, hosta i kor og såg på Sex & the City til den store gullmedaljen. Etter nokre dagar tok vi mot til oss og gjekk ut - Netta og meg. Vi måtte jo ha mat! (altså: Is). Det var ei kraftanstrenging av dei heilt sjeldne. Vi var utslitt før vi kom ned til tredje etasje. Bildene taler vel for seg sjølv.
Eg fekk iallefall kjeft av mamma for at eg hadde vert ute. Men vi gjorde det ikkje igjen den dagen, for å sei det sånn.
No derimot, er eg nesten frisk igjen, hoste berre litt (masse) i ny og ne, men greier i det minste å gå ned trappa uten å måtte legge meg ned etter ein meter. Hehe.
onsdag, februar 14, 2007
tirsdag, februar 06, 2007

Og ellers?
Hjå "de vakre" i går:
(Vi driv med re-decorating av stova og gangen, og eg skal henge opp ny lampe.)
Jeanette: Greie du å montere den lampa da, Trine?
Trine: Eh... Eg har altså jobba i lampebutikk i to år, så eg trur det skal gå fint, du. Det er jo bare å putte èn ledning i kvar sitt hull, det.
Jeanette: Åja. Det e jo nett som i resten av livet, det. En i kvart hol, liksom.
Kremt.
Eg føler at blondinene er ute av kontroll. Deira moral går lengre og lengre nedover etterkvart som min går oppover. Betyr dette at eg må bli rampejenta igjen, så dykk kan behalde dykkar gode namn og rykte? Eg orkar ikkje! La meg sleppe!
Og så vil eg legge til ein ting:
"R-I-P-L-E-G-Å-R-D-E-N"
JE, RIGHT!
Emeline!
Vart også fødd 1. februar, tenk TO små skattar på samme dagen! Gratulerer Caroline og Alexander! Emeline kom i superfart, på tre timar og mamsen trengte ikkje eingong painkillers. Dèt står det respekt av! Eg vil gjerne ha bilder på mail, så kan eg legge dei ut her, så alle får sjå den lille prinsessa. Får eg, Carlos?:)
Og ellers har eg enda ein fabelaktig babynyhet - Eg skal bli tante igjen!! Heidi har et rips på 4 cm i magen sin, som skal komme ut i august - perfekt timing, så Tante T kan passe Majsa i det nye huset i Åsane medan Heidi fødar, og etterpå kan eg passe begge to dagen lang. Hausten skal bli så bra - HURRAHURRA!!
lørdag, februar 03, 2007





Abonner på:
Innlegg (Atom)