fredag, mai 04, 2007
Den kom, det samme gjorde eg. Iallefall på Platekompisen. "American Doll Posse" har blitt med i gjengen av alle dei andre Toriplatene. And I Love it!
Sjølv om det skal nevnast at eg ikkje heilt har hørt den inn enda. Dette har vore nok ei helvetesveke, men fjortentimers dagar på skulen for å gjere ferdig kontoroppgåva. I tillegg var eg hos tannlegen og fekk sprengt ut ei teit visdomstann på mandag, og etter det har eg vore meir eller mindre konstant i paralgin forte-rus. Det var vondt. Og Netta har nokre svært flatterande bilder frå første mai der kinnet mitt ser ut som om det inneheld ein halv middag eg har glømt å tygge.
Eg veit ikkje om folk framleis les denne bloggen, eller om alle kun befinn seg i Facebookverda. Eg er iallefall litt her. Litt der. Og - heldigvis - i den verkelege verda.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg er her - alltid parat til å trøste Svampebob.
Eg les denne bloggen! Etter ei lita tid på facebook trur eg nesten at eg boikottar det nesten. Den verkelege verda er betre!
Buhuuheheeh, svampebob, det er meg!:)
Legg inn en kommentar