lørdag, april 28, 2007

I går fekk eg to fine presangar. TO, tenk - og begge to skattar av ei heilt anna verd. Det er ei kjend sak at eg er lettrørt, blir kalla Grine-Trine og tilogmed fekk Kleenex til jul berre av den grunn. Så i går kom Synna heim frå loppemarked med ei bok som handla om meg: "Grine-Trine gir seg ikke", heite den. Den er frå 1948 og ytterst bedårande. Her kjem eit lite utdrag: "...i det samme svingte postbudet inn i gården, og han hadde et brev til Trine. Det var fra Søren, og han skrev: Kjære Trine! Skipet seiler i dag, og jeg skal av sted med det samme, så jeg kan ikke komme ut og si adjø til deg, men jeg skriver fra neste havn. Din Søren. Guttene hadde sett interessert på Trine mens hun leste brevet. Nå så de at hun begynte å gråte. Åffer griner du? spurte de deltagende. Hun rakte dem brevet, for hun gråt så hun ikke kunne få fram et ord." Høres kjent ut. Og ja, eg måtte grine litt når eg fekk boka. Herlighet, da. Det skulle vel berre mangle. I tillegg fekk eg ein cd av Mannen, ein tributecd til Joni Mitchell, min Joni. Han har skjønt det, Mannen. Eg har ikkje fått hørt på den enda, siden eg har vore oppteken med å prøve å sove, prøve å sminke vekk at eg ikkje fekk det til, vore på jobb og sniffa handklestøv til den store gullmedaljen. Og no sit eg her. Men no går eg ut i sola. Men gleder meg til å høyre på den. Og på måndag kjem Tori si nye. Trine er heldig. Ho er det.

8 kommentarer:

Anonym sa...

*grinetrine-hulke-huulk*
Den beste måten å få meg til å grine på, er å vise gamle opptak av Joni der ho sit med dingsebomsen sin og spelar "A Case of You".

Tori sin nye???
Juble frå ende til annan! (eg som trudde det var lenge til. Makan)(Og det verste er at det ikkje er nåkken platebutikka i Vennesla - *grinehulke*)

Anonym sa...

Du va jammen heldig:)

Eg har lagt av en liten pengeslump til tori-cd'en, men eg trur neppe vi får den på platebutikkane i Førde uansett..., *sukk* dei har ikkje den nye shins'en engang, sjøl om den e begynt å bli eldgammel alle dei andre plassane. E forresten blitt ganske forelska i Bouncing Off Clouds. Spesielt midt inni songjen når ho synge på den ordentlige tori-måten:)

Anonym sa...

Eg kan berre føye meg inn i rekkjene med alle dei som gler seg til ny Tori plate! Og ja, det skjer på måndag - og eg trur jammen meg eg skal være ein av dei første i kø hos platekompisen. Ja, det skal eg.

For øvrig kan eg tipse dei i grisgrendte strøk om å bestille American Doll Posse på nettet, nettopp hos platekompisen. Det er nokså rimeleg, og ikkje minst lurt og bra! For kven kan vel leve utan Toris nye tonar, i uviss tid?! Nei, det kan ikkje eg...:)

Anonym sa...

Molly, du kan stikke på spaceworld til Kristoffer, han har den sikkert, eller bestille den for deg. Og ellers så har vi jo platekomipsen. Der både Velis og eg har vore i dag tidlig:) Lykke, lykke, eg glede meg til å høre etter skulen. Velaug og eg skal ha toritribute i kveld med vin og ny plate. Blir nais!

Anonym sa...

Å for et herlig dulcimer-bilde av Joni! Jeg har forresten fått kapra en halvtimes minikonsert i BBC fra 1970. God lyd og fine bilder. Hun synger ikke "Case" der, men har med California med dulcimeren sin. Snadder..!!

Du får kopi, lille venn.

Anonym sa...

..Og det får alle søstrene også.

Anonym sa...

What have they done with my brain!!!?
DE TO ANDRE Søstrene skal det stå.

Man skal passe på sproget..

Anonym sa...

Haha, du e så søt, pappa. Topp1 - minst!:)