onsdag, juni 13, 2007

Herlige Agnete - Bursdagsjenta.


Vi var nemleg i barneselskap, på søndag, i sola. Ordentleg bursdag, med pølser, kake og dei vakraste papptallerkane ein kan tenke seg. Min var fabelaktig, med kattepus - i rosa og sølv, med matchande kopp til. Gutane fekk Batmaneffektar, såklart.

Agnete, niesa til Arne fylte fire år, høgtideleg demonstrert med fire strake fingre i lufta og tommelen gøymd i handa. Den må ho spare til neste år.

Når vi kom var ho sjenert, sa såvidt hei, men sendte stjålne blikk i vår retning då Bent smurte meg med solkrem. Vi forsøkte å få igang ein samtale, men det gjekk mest i einstavingar der ho sprada rundt i handbrodert kjole frå Mexico og heva seg over oss, liksom. Ho visste jo sjølv kor nydeleg ho var.

Plutseleg likevel, etter vi hadde spist og Bent forsvann for ei stund, hadde eg ein hengiven fireåring på sida av meg. Som strauk meg over armane med varme, klissete hender og sa: Du har solkrem på, du. Så hadde vi blitt venner, trengde berre ei pølse i lompe å varme oss opp på. Agnete kjende på håret mitt, konstaterte at det var varmt og glatt, tok på smykket mitt, det var visst veldig fint, så såg vi kvarandre djupt i auga og eg sa ho hadde dei vakraste og lengste augevippene eg hadde sett i mitt liv.

Så sette ho seg på fanget mitt og vi hadde derved medlemskap i kvarandres fanklubb.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du e heldig du! Nyte ferie med mannen din, å til og med få en ny (søta) venn:D

Anonym sa...

Du va ganske heldig som blei likt av ei fin jente.

Men eg lika deg óg, altså!