mandag, april 30, 2012

Liste-klister.

Lenge sidan eg har laga ei liste her no. På tide. Det er egentlig litt sjølvmotseiande at eg er så veldig for lister her inne, mens eg i "det virkelige livet" ikkje er det. Eg er for eksempel overhodet ikkje blant dei menneska som skriver lister over ting eg skal gjere eller handle, for så å stryke sirlig over med gråblyant når oppdraget er utført. Eg burde sikkert gjere det dog, ettersom alle strukturerte menneske eg kjenner gjer nettopp dette. Mange av kundane mine er også listefolk, men må veldig ofte låne penn til overstrykinga (brist i perfeksjonismen). Men eg låner sjølvsagt villig vekk, blank i auga av beundring.

Eg øver forresten på å drive med lister på jobb, både på dag- og ukesbasis. Det funker dèt, altså. Og det er deilig å kunne stryke ut. Dette har eg lært på møter med alle i ledelsen på jobben. Ettersom dei alltid bestiller det tidliagste flyet når vi skal til Oslo på møter, må eg stå opp klokka fire for å rekke det. Og dermed er eg i transe heile dagen og trur på alt dei seier, berre eg får nok kaffi og mat og helst litt vin når det nærmer seg slutten.

Notatane mine på telefonen, som riktignok ikkje er heilt listebasert, men likevel notert med det formål å huske/gjennomføre/høyre/sjå noko, fungerer ikkje heilt optimalt ettersom eg aldri noterer meir enn akkurat det eg skal huske/gjennomføre/høyre/sjå. Eg har tydeligvis stor tru på min eigen hukommelse og tenker at "resten husker eg jo sjølv". Men eg gjer ikkje det. For eksempel aner eg ikkje kvifor eg har skrive "magnesium oxid" eller "7526".

Til bursdagen min fekk eg ei fantastisk bok av Heidi - Listography, your life in lists - med alle mulige lister eg skal fylle ut sjølv og med heilt hysterisk søte illustrasjonar. Eg skulle sånn ønske at for eksempel oldemor og alle andre slektningar eg skulle ønske eg visste alt om hadde etterlatt seg slike bøker. Så eg kunne le, gråte og få djupare innsikt om ting eg aldri kom på å spørre om medan eg hadde sjansen. Dermed har eg litt prestasjonsangst i forhold til utfylling av boka. Det kan jo hende mine oldebarn ein gong får kloa i den, sant, og då vil ein jo gjerne at den skal vere utfylt med litt snert og schwung. Så eg har berre klart å fylle inn ett punkt på lista over "første"-ting. Første alkoholopplevelse. Og den er jo både tragikomisk og eksotisk, som mange av dykk sikkert veit.

Men frå og med i dag skal eg fylle ut minst eit punkt på ei av listene kvar dag. Må berre skrive det på dagens-gjøremål-lista mi først.

Bildet lånte eg her. Og der kan du til og med kjøpe boka om du også er sugen på prestasjonsangst.

søndag, april 29, 2012

Ai-ai-mai!


Åherlighet, folkens - om to dagar melder mai sin ankomst! Ein deilig tanke. Som eg faktisk har kjent på kroppen i dag. Tenk, oppbretta bukse uten å pådra meg frostskader, og to-tre fregner meldte sin ankomst etter ei stund på ein benk i parken. Så stas. Og fanden meg på tide. Meteorologen på nrk var skikkelig stolt når han kunne opplyse om at det hadde vore vårstemning i store deler av landet i dag. Slutt å skryt, liksom, to tredjedeler av våren er faktisk allerede forbi.

I går morges våkna eg lett forvirra etter rangel med Eli heime i Førde og såg snø i hagen. Da var det rett før eg ga opp heile greia. Men, ja. Den kom i dag.

Eller, den kom faktisk i natt, da jentene og eg var på galeien og hadde kvilepause ved sutreguttfontena. Linn fant ein lang pinne og vart heilt delirisk, sprang rundt i buskane og improviserte meir eller mindre imponerande kampsporttriks. Vi holdt på å le oss i hel, og eg kjente våren i heile meg. Deilig!

Og ettersom eg fikk passet påskreve i forhold til manglande blogging i det siste, kunne eg jo ikkje gjere anna enn å glede mine kjære venner. I aim to please. Så herved tester eg kven som følger med i timen, og inviterer til offisiell bobleåpning av taket i morgon kveld klokka sju-ish. Kle dykk godt, eg stiller med puter og pledd! Dei som er gravide er sjølvsagt også inviterte - brus er også bobler!

P.s. Det er ikkje lov å dette i trappa, og eg lånte bildet her. Men det er Tim Walker sitt bilde. Min helt.

tirsdag, mars 27, 2012

Be-logg!


Ettersom eg er meir opptatt med å jobbe og henge i sola så mykje eg kan ellers om dagen, blir det lite blogging. Så eg kan jo i det minste dele tre av mine eigne favorittbloggar! Dersom de har tidtrøyte er det fine stader å bruke tid på. Og ettersom eg later som om eg er veldig voksen og moden i bloggvalga mine, utelater eg fotballfrua. De som kjenner meg godt veit sjølvsagt bedre.... God tirsdag og kos dykk med mine yndlingsfrøkner:

camillapihl.no
ladybirdnest.blogspot.com
youblush.looklab.dk

Tusen takk for lånet!

tirsdag, mars 06, 2012

Tirsdag, og veka har allereie fortjent ei liste:


Liste over bra greier, faktisk!

1. Dagen deler framleis lyset sitt med meg når eg låser meg ut frå jobb 18.20. Takk, dag!

2. Goth-jenta med skummelt blikk, skummel sminke og skummelt hår som kjøpte mørkelilla fløyelsgardiner. Som plukka ut øyeproppane med (skummel) musikk og sa: Ha ein fin dag! og smilte stort før ho gjekk.

3. Kjøttsuppe og to glass vin. Sjokolade med ingefær og sitron til dessert.

4. Denne linken: http://www.retronaut.co/2011/10/the-invisible-mother/. Gøy og spe-si-ell!

5. Rosa nelliker både her og der.

Ikkje så mykje, men likevel nok.

Fint å få låne bilde også!

mandag, februar 27, 2012

Statistikk.


Her er forresten ei liste over mine favoritt-søkeord for å finne vegen hit i februar.

1. "Slektstre mal"

Dei som søker på dette, får nok svært lite utav søket. Men eg kan prøve. Begynn med deg sjølv nederst. Du er rota til alt i ditt eige liv, både godt og vondt. Sjølv om det var strengt tatt ikkje med deg det begynte. Tegn to streker oppover på skrå, over den eine streken skriv du navnet til mora di, faren din over den andre. Fortsett slik med desse sine foreldre, og deira foreldre igjen. Slik kan du faktisk holde på i ein evighet, om du har interesse og tålmodighet. Om du har flaks, finn du ut at du er i slekt med ein konge. I mitt tilfelle kom vi ikkje lenger enn til samer og ålesundere. Og da følte vi at vi visste nok.

Om du er ekstra kunstnerisk og har mykje tid til overs, går det fint an å utforme slektstreet som eit tre, med greiner og blad. DÅ blir det fint, då.

2. "Draumehelga mi"

Eg kan gjerne beskrive mi draumehelg. Men di eiga må du nesten finne utav sjølv. Familie, venner, god mat og musikk er ofte suksessfaktorar om du virkelig er heilt blank.

3. "Jamen"

Jamen - kva då? Eg lurer på kor mange tusen sider på google vedkommande hadde bladd igjennom før den havna her. Du skal ha for innsatsen!!

4. "Trine & Johanna Bergen"

Ja, vi er her, vi!

5. "Så tissetrengt"

Så festlig! Eg har forresten ikkje fortalt her om då eg faktisk var så tissetrengt at eg heilt seriøst vurderte å tisse meg ut midt på toget mellom Drammen og Gardermoen. Det kan eg gjere ein anna gong.

6. "Slå opp bordene"

Har du klart det no?


Gøy med statistikk!

Takk for lånet!

søndag, februar 26, 2012

HEI VÅR!


No har eg hatt fri i ei veke, og har landa i sofaen etter å ha returnert heimefrå og heim. Det er jo slik det er å liksom alltid vere "ungen" til mor, at når eg er i Bergen kaller eg Førde hos mamma og pappa heime, men når eg skal tilbake er jo Bergen også "heime". Godt å ha hjartet buande både her og der.

I Januar, då det vart klart at Molly og eg skulle ha ferie samme veke, sa eg at eg nekta å komme heim uten at mamma kunne garantere sol. Eit ganske ambisiøst prosjekt, i tidlegare nevnte - gørrtrasige februar. Mamma garanterte ingenting, og det gjorde ho rett i. For det regna noko heilt infernalsk, og det oppå ein meter snø. Men det var egentlig ikkje så nøye, ettersom det omsider vart klart at eg hadde lungebetennelse igjen. Så Molly og eg har ca gjort ingenting, men ledd mykje, kosa oss enda meir og snakka hol i hodet på både kvarandre og våre foreldre. Vi er generelt ekstremt gode på å "kose oss" i familien vår, og det har blitt eit evig mantra denne ferien. "No koooser vi oss", seier vi kvar gong vi putter noko i munnen - og det har vore rimelig ofte dei siste dagane.

Så no seier eg berre "hadet" til februar og fire veker med sjukdom, og så seier eg "HEI!!!!" til vårmåneden mars, og den har å oppføre seg, så eg får joggeformen igjen, kan lufte meg i fjellet og stramma opp vinterferiekoseoverdosen. For den kjente eg når eg tok på meg buksa i dag.

Men kose meg skal eg, også i mars.

Bilde herfra.

tirsdag, februar 14, 2012

Heilt nytt menneske!


Vakre, lille Albert blei fødd i går og eg er dermed tante til tre vidunderlige småfolk! Sidan Heidi var på overtid og det var plass i Haukelandherberget, fekk eg det ærefulle oppdraget å hente Maja og Leo i barnehage og på SFO. Medan Leonard og eg baksa oss opp ein bakke full av is og snø på veg til skulen til Maja, fekk eg bilde av lille ny på storesøsters bringe. To stolte storesøsken bestemte fødselsmeny, så vi hadde middagsfest i stova med pannekaker og is før Rune kom og henta oss for å hilse på nurket for første gang.

Å få overvære ungane sitt første møte med den lille bylten, var heilt magisk. Blikk fylt av glede, stolthet og ørlite redsel - broren lagde mykje lyd til å vere så liten! Medan han var i magen gjekk han kun under navnet Ruffen, men ute i verda heiter han Albert. Og Albert passer namnet sitt heilt perfekt.

Det er heilt fantastisk at han skal vere her alltid, og eg gleder meg sånn til å lære han å kjenne.


Augesnop;

I dag ramla eg over ein særs fin blogg, laga av ei feministstudine i Ameerika. Det er ingen hemmelighet at eg er fan av Ryan Gosling, og har hans vidunderlige film "Lars and the Real Girl" på klar topp-5. Så det at han er på ca alle bildene gjer virkelig ingenting. Smart dame. Snasen mann.

Sjå bloggen her! Takk for lån av bilde!

søndag, februar 12, 2012

Slappe søndager

Trenger fin musikk. Og da passer denne perfekt.
Ukulele, trompet, ballonger, dans, konfetti og elefantmasker i ei deilig smørje.

No må eg ut i sola!

fredag, februar 10, 2012

Februar - stakkar.


Det kan umulig vere lett å vere februar. Grå, kald, gørr og utskjelt. Med god grunn, pardon my french.

Snøen kom med februar, og dermed også det alltid påfølgande slapset. Sjølvsagt presist tima til dagen eg skulle dra til Haugesund for å lage ny butikk. Eg brøyta fortaua slapsefri med min rosa koffert på veg til hurtigbåten. Eg hadde heilt glømt kor lenge det var sidan eg hadde satt mine bein på ein båt, og dermed også gløymt - eventuelt fortrengt - at eg ikkje akkurat er født med sjøbein. Først gjekk det strykande, og min kollega Sølvi og eg hadde det superflott med kaffi, snikksnakk og aviser. Heilt til det begynte å duve. Kraftig. Kapteinen kommenterte lett henslengt på høgtalar: - Som de kanskje har merka har vi komt ut i åpent farvatn. Jo, takk. Eg som hadde vore kald til då og hatt jakka på knea, skjerf og strikkejakke, droppa det eine plagget etter det andre, tok strikken utav hestehalen og blåste kald luft på mi eiga bringe. - Er du dårlig, sa Sølvi. Eg nikka, og kunne regelrett sjå sirkuset som føregjekk i magen. Eg såg desperat etter næraste bosspann, og hadde raskaste vegen til do innen rekkevidde. I siste liten segla vi galant til kaia og var framme. Bølgene skvulpa framleis innvendig ein time etter eg gjekk av båten.

Når vi skulle tilbake til Bergen sa eg til Sølvi at om ho skulle ta båten, skulle ho faen meg få ta den aleine. Vi tok bussen.

Tilbake til februar; ein ting skal du ha - du gjer morgonane lysare. Du burde nesten fått diplom for dèt.

Takk for lånet!

søndag, januar 29, 2012

Tur, telling og turtelling.


Vi har hatt varetelling på jobb i helga, og heile uka gjekk med på førebuingar. Endte opp med å telle alt fra agurkskiver til sokker både før og etter jobb. En - to - en - to - ferdig. Deilig å ha det overstått, jentene jobba som heltar alle saman, som vanlig. Så i formiddagdag klokka to var siste tall tulla og vi kunne gå heim.

Bergen viste seg frå si aller beste side i dag, litt kaldt, berre. Så eg pakka meg inn i boblejakke, skjerf, lue og votter og gjekk for å lufte vekk tall og tekstiler frå hjernen. Med Arcade Fire på ørene var eg egentlig litt mutt til sinns i starten, men det gjekk fort over. For her-lig-het kor deilig det var å vere ute i dag! Rundt Store Lungen var det nesten antydning til knoppar på trea! Iallefall om eg myste og la godviljen til. Og då eg snudde nasen tilbake mot byn hadde sola gått ned og himmelen var rosa og timen blå. Ved brannstasjonen er det byggekaos og fire gigantkraner midt i det heile som forstyrra utsikten litt. Men det var så vannvittig fint, og eg blei varm om hjartet og tenkte: Bergen; eg elsker deg, baksida av deg inkludert. Så vart eg skjelven i knea, kom på at eg hadde spist altfor lite, og gjekk heim med månen over meg, tynn som ei negl.

Bildet lånte eg her.

onsdag, januar 18, 2012

Bare fire måneder til nesten sommer.


Eg lengter og venter, blar igjennom bilder fra den forrige sumaren, og seier "åh!" inni meg. Og kan nesten kjenne sola krible på skuldrane og nasen, kjenne saltet frå havet brenne på tunga og den deilige følelsen av å ha på "guttefjeset" uten å vere ukonfortabel med det, ettersom fregner er finare enn mascara. Kom snart, sol! Eg savner deg!

I mellomtida har eg begynt å sjå "Six feet under" igjen, og det kjennes endelig som om det går greit å begynne på nytt. Forrige gang var eg altfor rask, og starta over igjen rett etter det var slutt. Det kjendes som eit krater i hjartet når alt var forbi, men desto vondare å prøve igjen. Eg visste jo alt om alle. Denne gangen kjennes det nesten heilt ferskt igjen. Bortsett frå at eg kjenner små rester av totusenogseks klø meg i bakhodet. Men berre såvidt. Og det er heilt greitt.

Ellers har dei pakka nabohuset inn i plast, så eg føler eg får ein stor og litt skummel presang i ansiktet kvar gong eg ser ut vinduet. Og så skal eg jo snart bli tante igjen, og gleder meg sånn. Eg lurer på om han har brunt eller lyst hår, blå eller brune auge, om han er kul, stolt og vil bli glad i livet sitt og tanta si. Eg håper dèt. 

torsdag, januar 12, 2012

Dagens observasjon:

Etter å ha tråla diverse meir eller mindre halvgode blogger, ettersom eg ikkje veit mitt eget beste, har eg komt fram til at "Nei, du blir ikkje penere jo lengre øyevipper du har." Om det ser ut som du har bart på øyet har det faktisk gått for langt.

Det var alt, takk for meg.
Bilde

fredag, januar 06, 2012

Med blanke ark og fargestifter til.

Der var vi i gang med 2012! Det starta ganske heftig, med mykje mat, mykje dans, mykje vin og mykje moro. Vi sto på taket i vind og regn og ropte "wohooo" til kvar einaste rakett, og eg lo meg i hel av smilefjesrakettane fra Bergen kommune ettersom 90% av dei var oppned. Okei!

Eg prøver eigentlig å vere eit av dei menneska som insisterer på å ikkje ha nyttårsforsett. Å bli eit bedre menneske forsøker eg på for det meste, det er litt frekt å trenge eit nytt år for å ha ein grunn for akkurat dèt. Slutte å røyke gjorde eg for årevis sidan. Slutte å spise sjokolade blir ikkje aktuelt. Begynne på treningsstudio gir meg epilepsitendenser. Å slanke meg utgår. Eg vil for alltid elske mat, og tar meg sjølv titt og ofte i å glede meg til neste måltid mens eg faktisk spiser.

Men: Eg rørte meg lite heile desember. No har eg tilfeldigvis begynt med dèt igjen. Og det kjennes deilig. Utelivet rocker! Den "friske lufta" i Bergen er riktignok ikkje den friskaste i verda. Men ute er no ein gong ute. Og der vil eg finnast titt og ofte framover! Røden og eg. Bli med dei som vil!

(På mandag skal Johanna og eg på vår første prøvetime på Yogarommet. Det har ingenting med nytt år å gjere, det er totalt tilfeldig at den kom no i januar.)

Bilde herfra.

lørdag, desember 31, 2011

Det var den dagen 2011 slutta.


Og eg skulle tenke på kva det hadde lært meg, dette året. Vel... Sjølve året kan vel ikkje ta æra for min lærdom iløpet av det. Men det eg har lært litt, noko av det visste eg riktignok frå før, men nokre ting har blitt enda tydeligare. Blant anna dette:

1. Hald dei nære og kjære enda tettare til brystet. Vi er så små og skjøre, alt kan skje, når som helst. Det gjeld å elske mens ein kan.

2. Å fylle 30 er faktisk heilt greit. Ingenting endrer seg, bortsett frå fleire grå hår. Og dei farga eg vekk i dag. Hadet!

3. Eg kjem aldri til å slutte å gruble mest når eg egentlig skal sove. Dagbladet kan skrive igjen og igjen at eg skal "sette av en time til å tenke på bekymringer, og når timen er over - slutt å tenke på det". Berre å drite i. Det går ikkje. Natta vil fortsette å kreve grubling frå meg.

4. Musikk vil aldri slutte å gjere meg uanstendig lykkelig, og eg gleder meg allerede til fleire konsertopplevelser i 2012.

5. Eg kan klare meir enn ett nachspiel iløpet av ett år, dette på trass av min høge alder. Eg sikter mot 3 (!) i  det neste året, og vil dermed sprenge alle tidligare rekordar.

6. Å være menneske kjennes framleis rart, spennande, overraskande, vondt, godt, skummelt og veldig, veldig deilig. La det for alltid fortsette å vere alt det!

Og sidan det er tradisjon, siterer eg Tori, som framleis er min muse i mykje, som ga meg ein av dei aller mest magiske augneblinka i mitt liv dette året, på Sentrum Scene i oktober:

Sights and sounds
pull me back down another year
I was here


Måtte det nye året bringe mykje glede til alle mine!

Bilde herfra.

torsdag, desember 22, 2011

Lille, lille, lille julaften;

Eg er stressa og stiv i alle musklar, har rester i hodet fra verdens slemmeste migrene på søndag og rødsprengte blodårer i auga. Men det gjer ingenting. Eg har pakka inn alle gavene, og etter en smule søvn og litt jobbing setter eg meg på bussen heim i morgen kveld. Til heimen min i Slåttebakkane, til mamma, pappa, Marte, Heidi, Rune, Leonard og Maja. Til julepynta tre, peis, varme, kos og kjærleik. Legge meg pladask i senga og sove til småfolka syns det er morgon (sikkert sånn i sekstida), stå opp til godteri og julefrokost, Askepott, Julestjernen og stress før paljettane og fjeset er på og vi sit godt plassert på ein hard kirkebenk ("Ka skal vi der?" spurte Maja når eg lurte på om ho skulle vere med tantene og bestemor i kirka på julaften. Eg sa vi skulle synge julesanger og dermed var saken avgjort; She`s in!). Til bords, til mat, til mjuke puter, mjuke smil og mjukt lys fra hundre stearinlys. Åh, lykke.
Bilde herfra.

torsdag, desember 15, 2011

torsdag, desember 08, 2011

Eg venter.

Og venter. Og venter. På at det skal bli jul. Og på at eg skal ha ein liten skapning med snøblondt hår på madrass vedsiden av meg om natta. Og på at lille mennesket skal få meg til å sjå kor fint det egentlig er med jul.

Frøkna eg skal dele rom med er Maja, herligste jenta på planeten. Lille mus som fyller sju på nyttårsaften. Som får meg til å bli stor og liten på samme tid, på samme måte som Leonard-bror lager fontene av store følelser i et tante-hjerte, på ein måte ein ikkje visste fantes.

Og desse to skal bli storesøsken i februar. Til eit nytt folk som igjen kjem til å generere ein slik kjærleik at ein blir matt av heile greia.

Å vere tante det aller, aller beste eg veit.

torsdag, desember 01, 2011

K-k-k-Katie!

I min sein-novemberblues fant eg igjen ein gammel venn på Spotify. Åh-åh-åh, kor eg har savna Kate Bush! Eg visste det berre ikkje før eg satt her med "The kick inside" på ørene mens eg lata som eg var godt i gang med heimelaga julegaver (haha, liksom)(men eg har laga ein, altså).

Før høstferien i 1997 kjente eg kun til Babooshka, og den var jo heilt okei. Det var før Caroline og eg fekk dra til Bergen og besøke storesøstra hennes (eg skjønner ikkje heilt korleis dèt gjekk til uten kamp, siden eg berre var 15 og hadde foreldre som var skeptiske til det meste. På generell basis. Eg skreiv muligens ein skriftlig søknad med gode argument der for-argumentasjonen alltid var mykje sterkare enn mot-arumenta. Det pleide å gå i boks). Uansett. Vi hadde ein misjon: Piercing. Eg ler litt av meg sjøl berre eg tenker på det no. Men det var alvorlige greier. Hull i navlen, på ordentlig studio. Ingen spikerpistol eller varme poteter involvert.

Caroline hadde allerede brei erfaring på området, ho hadde gjort det før og visste kor den einaste aktuelle bula befann seg. Witchy-Bitchy Beauty Spot. Det svarte huset oppe i bakken. Der überkule Henny med nålene holdt til.

Dette var på den tida eg var litt søkande i forhold til ca alt, så det var fullstendig magisk å komme inn på Whitchy-Bitchy. Eg trur eg skreiv tretten sider om det i dagboka mi når eg kom heim, men eg skal prøve å begrense meg no. Uansett, eg fekk "beroligende urter" på tunga, noko som sjølvsagt satte inn umiddelbart, så når nåla blei satt og smykket satt inn befann eg meg i total avslappa og euforisk tilstand. Liksom, da. Men eg var i det minste veldig kul, sexy og ikkje minst - gjennomhulla.

Etterpå dro vi til Benedicte-storesøsters residens i Kalfaret på restitusjon. I ein fantastisk gammel villa som åpenbart hadde blitt pussa opp av hippier. Psykedeliske tapeter i alle rom, diger hjørne-plysjsofa og teppebelagte golv. Eg låg på golvet i herlig-alternativ krepp-aktig bukse og med oppbretta genser så "operasjonssåret" skulle få kvile. Og frå høgtalarane kom Kate. The kick inside. Det var, og er framleis, ei fantastisk plate. Mykje store ord om kjærleik og livets magi. Eg elsker det. Og eg hører Caroline si stemme syng oppå Kate si; Belzebub is aching in my belly-o.

Ringen er forresten ute for lengst. Og ja, mamma blei forbanna. 

Hei, desember!

Eg kjenner deg i magen allerede. Du treng ikkje overdrive sånn for å få oppmerksomhet. Kaste regn på vinduet mitt. Få Scandic-flagget på Hotell Neptun til å stå rett ut (eg veit kva som står på det!). Og det trikset med lyn og torden etterfulgt av snøballstore hagl i går. Kom igjen. Du får nok oppmerksomhet fra før.

Men eg gleder meg til jul!
Bilde fra weheartit, som vanlig