tirsdag, april 25, 2006
søndag, april 23, 2006
Jaja, sånn går det. Cecil; ka vil du eg skal sei? Skal eg lage et seriøst og spanande innlegg i bloggen? Trur det blir litt for slitsamt. Så vi får heller ta det i morgon.
Dagens konklusjon er at eg likar vibrerande bass og teppetapetserte veggar. Og eg likar å sjå på gutar som tek heroinen intravenøst. Det er så sjukt og interessant på ein teit måte.
torsdag, april 20, 2006
søndag, april 16, 2006
fredag, april 14, 2006
torsdag, april 13, 2006
onsdag, april 12, 2006
Goood Påske til alle skattane mine!!! Håpar alle får minst ein lilla kartong kvar av dei gode påskeegga og at alle har nokon å dele dei med. Bortsett frå Signe, som eg veit ventar til sambuaren har sovna, så ho kan ete alle sjølv:). Dei skattane som ikkje finn bilde av seg sjølv her, må ikkje bli lei seg. Det betyr kun at eg ikkje har bilde av dei på denna pc`en. Prøvde å få den gamle mongismaskina mi på nett i dag, men den har visst tatt kvelden på det området. Så eg er like glad i alle mine skattar, bilde eller ei. Ha ei fabelaktig påske alle, håpar vi snart kan leike!!!
søndag, april 09, 2006
Jepp, vi tok utfordringa frå Monica på strak arm, så her sit vi begge to lettare henslengt på sjølvaste Bolstadsofaen. Kva seier dykk til det, skattekistefolk? Den var ikkje mjuk, ikkje godt plassert i fancy omgjevnadar og ikkje ein smule fin. Mildt sagt ei bortkasta investering. Men det visste vi kanskje frå før.
Ellers har vi frekventert Førdes utestadar hyppig og valdsamt, vi har tømt kraner både på Pikant og Treskeværket. Gamle, gode Tresken, der eg har tråkka mine barnealkissko! Alt var som før, både menneska, inventaret og musikken. Folk knuffa framleis både i køen og på dansegolvet. Røykmaskina på diskoteket fungerte akkurat like godt som før, den spruta røyk i vilden sky til Cecilie si store undring. - Ka e greio me da dar egentli? Nei, Cecilie, det er ikkje godt å sei.
Vi fekk sjekka ut alle kjøpesentera, kjøpte skjørt og "onnesjorta" som mamma kalte min nye singlet. Eg fekk klippa både augebryn og Cecilie sitt hår. Vi har spist masse god mat, snakka masse skit og litt djupt. Vi har fått bekrefta det gamle og velbrukte ordtaket om å snakke om sola.
Vi har kjørt pirattaxi med naboguten og følt oss som russejenter med vind i håret, stjerner på himmelen og sommarfuglar i magen.
Helga har vore FABOLOUS. Og det er det beste eg veit når ting er fabelaktige.
lørdag, april 08, 2006
mandag, april 03, 2006
lørdag, april 01, 2006
Etter 7 timar i bil på ekte gamledagarvis med mamma, pappa, lillesøs og meg, kom vi fram til Kristiansund. Byen som alltid har vore pappas hjarte, naturleg nok sidan han har vakse opp her. No er den også mykje i mine tankar, sidan Heidi bur her med sitt lille fjon og mannen sin.
Sidan vi ikkje har sett dei sidan januar *lengte*, var vi spende på korleis Majsa ville ta dette storinnrykket av rare og skumle folk. Pappa var dritnervøs sidan han var den soleklare favoritten sist. Ville ho avvise han blankt denne gongen, eller ville det bli nok ein suksess?
Vi kjøyrde forbi badelandet:
Mamma: -Eg ser bilen deiras!
Marte: -Eg ser husen deiras!
Pappa: *svelgekremtenervøst*
Trine: -Jippi!
Heidi stod klar i vinduet, vinka hysterisk. Opp trappa, ringe på og banke på. Høyrde ein liten, tynn stemme der inne: "Mamma!". Iiik!
Og der var dei, alle tre. Maja var sjenert og klynga seg til pappa. I to minutt. Så kom det eit sjarmerande lite "heja" med ekte nordmørstonefall, nesten. Så fikk ho altfor stor trehjulssykkel av oss, og alt var fryd og gammen, hei og gakk og bapp og takk og beibi og mamma og pappa.
Ho er så flink og lur og herlig kosete, klemme oss og seie "aaaa". Ingenting er så kjekt og fantastisk som å vere tante til verdens finaste fjon!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)







