fredag, april 14, 2006

Dette var altså serien som inspirerte meg til å anlegge ein svært alternativ klesstil på ungdomsskulen. Genserar i størrelse xxxl, helst ribbestrikka og i mest mogeleg diffuse fargar. Pappa sin pysjamas frå syttitalet - på skulen. Blomstrete kjolar i kreppaktig stoff, gjerne frekt matcha med ei rutete skjorte. Ein dag gjekk eg på besøk til Frode med bestemors lange, blomstrete nattkjole og mamma si morgonkåpe i djuprosa plysj. Det syns Frode var storslagent. Han vart blank i auga, ga meg bøttevis med iste - og når det vart kveld, låg vi på graset i hagen, såg på stjernene og høyrde på kvarandres pust. Eg veit ikkje kven eg var mest forelska i - Frode eller Jordan Catalano. Uansett var det berre kjipt å vere forelska på ungdomsskulen. Ein visste liksom ikkje kva ein skulle bruke det til. Sjekk ut musikken til Frode på http://www.myspace.com/ungdomskulen.

2 kommentarer:

Monica sa...

Vi som kledde oss anleis på ungdomsskulen har nok komme styrka ut av det trur eg. Tenk å vere forskjellig i ei tid det var om å gjere å vere litt lik.

Eller var det kanskje ikkje det?

Tenke...

Anonym sa...

"Han vart blank i auga, ga meg bøttevis med iste - og når det vart kveld, låg vi på graset i hagen, såg på stjernene og høyrde på kvarandres pust."

eg var der,og det var ekte, sjølv om det ikkje blei sagt eller gjort noko med.