torsdag, august 31, 2006
Eg er i hus i Bergen!!! *Jodlejublehurrahurrahurra*
Og vi har så fiiin leilighet!! Alle som kan, må komme på besøk. Snarast! I helga skal vi ha fest, og alle må sjølvsagt komme. Dette gjeld også dei som bur i andre fylke, i utlandet, dei som er gravide og dei som er søstre. Plis!?
Uansett, alt som skjer skal fotodokumenterast og leggast ut på akkurat denne bloggen sporenstreks etterpå:)
fredag, august 25, 2006
lørdag, august 19, 2006
Tonymakarony og eg har kjent kvarandre sidan vi vart fødde, faktisk. Men har ikkje sett kvarandre på lengst. Gjensynsgleda var altså så stor at vi måtte lage ein fabelaktig, sjarmerande og svært hot fotosession. Eg er forresten svært nøgd med å vere like brun som han, som faktisk er halvt portugisisk. *skryte*
torsdag, august 17, 2006
Hurra! Endeleg har eg fått bildene frå fjaseturen Cecil og eg hadde til Tyrkia i slutten av mai. Dei to heite blondinene er Lene og Christine, som vi var så heldige å ha som naboar. Vi hang saman som erteris omtrent frå første dagen. Kjempesøte jenter, like ville og hyperaktive som oss.
Desse bildene er frå den fatale kvelden då underteikna faktisk spidda hånda si på en palme. Den slemme palmen etterlot seg en bit av seg sjølv inni handa mi, og eg var nummen i heile armen dagen etterpå. Kvelden var likevel svært vellukka, vi gjekk ut med nokre hunks frå stamrestauranten vår - Titanic (eg veit, dette er slik ein miserabel klisje, men akk så fabelaktig allikevel). Sjefen på restauranten reiv i heile kvelden (eg reiv nesten ned bordet, forresten), og då vi skulle heim, greide vi på nød og neppe å riste dei av oss alle saman, så vi kunne nattbade. Perfekt!
Mannen mellom Christine og meg på det eine bildet, var ein dust, og ligna dessuten på gullars.
Øverst er verdens søteste lille muldyr, Lene. Varm på hodet sitt. Desse bilda er frå den deilige båtturdagen vår. Då vart vi brune! Hurra!
Cecilie fekk fargen sin, og var godt fornøgd:) Poserer med Christinetøsa.
Look! No hands! Synkronsvømming på høgt nivå.
Vi er tøffe. Vi turte å hoppe frå båten. Men er redde for vatn i nasa. Eg kan forresten sjå rompa di Cecil. Og mi.
Vi røyka vasspipe, det var jo både gøy og godt:)
Så alle fire jentene samla, det var jo berre griseflaks at vi hadde så vidunderlige naboar! Cecilie og eg greide forresten ikkje å opne augene på det nederste bildet. Var så slitsamt i varmen, gitt!
Dette var forresten den kvelden då vår gode venn, restaurantsjefmannen bestemte seg for å slå på stortromma og verkeleg ta på seg spanderbuksa. Han slo til med ein heilt grotesk miks som vel eigentleg bestod av hundre prosent tequila. Alle som kjenner meg, veit at eg etter litt for mange dårlege tequilaopplevingar brekk meg om eg kjenner den minste tequiladunst. Eg fikk vondt i hjartet då eg innsåg at eg var nødd til å ta imot og shotte saman med dei andre. Det gjorde ikkje mindre vondt den andre gongen. For ikkje å nemne den tredje. Fjerde gongen var eg heilt på gråten, og ikkje minst rimeleg på druen. Så eg greide med kløkt og kvinnelist å lure meg unna. Vi slapp dermed både grinetokter og det som verre er. Flaks!
Øverst:
Lene og meg med terapismil. Lene med restaurantsjefen som fall pladask for henne, og eg med eklemannen som helst såg at Christine tok med seg nokre litt meir lausslupne venninner neste år. Vi var jo så gørre som ikkje ville gå til sengs med han.
Så er det dansemusa vår og meg på scooter. Eg kan love alle at ingen alkohol var inne i bildet, eg hadde på meg hjelm, men det var etter bildet vart teke. Kors på halsen, altså.
Cecil og meg med den nydelege svensk-tyrkiske mannen som vi bestemte at Mona skulle gifte seg med:)
Christine og "mannen i hennar liv" - Mehmet. Det vil sei, "snille-Mehmet". Mehmet fans nemlig i fleire utgåver, også ein "duste-mehmet". Det kjem vel ikkje som ei overrasking på nokon at han likte meg litt i overkant godt. Han presterte å låne ei barnevogn - med barn i - og proklamerte for heile restauranten: This is us, one year later. *åshutup!!!*
onsdag, august 02, 2006
Abonner på:
Kommentarer (Atom)



















