torsdag, august 17, 2006

Vi røyka vasspipe, det var jo både gøy og godt:) Så alle fire jentene samla, det var jo berre griseflaks at vi hadde så vidunderlige naboar! Cecilie og eg greide forresten ikkje å opne augene på det nederste bildet. Var så slitsamt i varmen, gitt! Dette var forresten den kvelden då vår gode venn, restaurantsjefmannen bestemte seg for å slå på stortromma og verkeleg ta på seg spanderbuksa. Han slo til med ein heilt grotesk miks som vel eigentleg bestod av hundre prosent tequila. Alle som kjenner meg, veit at eg etter litt for mange dårlege tequilaopplevingar brekk meg om eg kjenner den minste tequiladunst. Eg fikk vondt i hjartet då eg innsåg at eg var nødd til å ta imot og shotte saman med dei andre. Det gjorde ikkje mindre vondt den andre gongen. For ikkje å nemne den tredje. Fjerde gongen var eg heilt på gråten, og ikkje minst rimeleg på druen. Så eg greide med kløkt og kvinnelist å lure meg unna. Vi slapp dermed både grinetokter og det som verre er. Flaks!

1 kommentar:

Anonym sa...

Legg ut fleire bilde og minner! VIL HA MEIR,VIL HA MEIR:)