fredag, desember 29, 2006
Sidan eg jobba seinvakt 2. juledag, og skulle opp tidlig dagen etter for å jobbe meir, "slapp eg" å gå ut. Årets største utedag er ikkje heilt det store for en Trine, egentlig. Gå i kø heile kvelden, snakke med folk ein eigentleg ikkje er så interessert i å snakke med om kva dei gjer, kvar dei bur, om dei framleis er saman med Lars-Brynjar frå D-klassen (neivel, ikkje det, nei) og andre ting som ein garantert har gløymd dagen etter uansett - det utgår.
Men det som inngikk dagen etter, var å leike med Frode. Vi drakk bøttevis med øl på Pikant før vi gjekk videre til Skumle Treskeværket, der Frode (han er lur) kun hadde vore èin gong i sitt liv før. Der var det tiårsjubileum for kullet som gjekk over meg på ungdomsskulen, så det vart kun spelt musikk frå seint nittitall. Til vår store glede. Det seier seg vel sjølv kven som rula dansegolvet til 2unlimited og Scatman. (Det var vi)
Ellers har jula vore slapp og deilig, har vore mest heime med sustrene og Maja. Av nyttige og intelligente ting eg har lært Majsa i jula, er blant anna å sei "bustetroll" (buttetål) og rufse kvarandre på håret, i tillegg til at vi blei enige om at den nye pysjbuksa hennar var klovnepants - "Ja, lovnepæts". Ho har også lært tante eit par ting ho ikkje visste, nemlig at "Juba Juba" er ein av dei viktigste julesongane, og at den alltid er obligatorisk å synge etter "På låven sitter nissen".
No har dei dratt, og det er tomt i huset.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
*kommentere*
Men siden du sa eg skulle skrive nåkke finare enn det, så får eg vel heller sei (med glede og kjærleik): BEHSK I DIN TRUNE. :)
Det blir alltid ekstra tomt etter ei fin jul...buuu
Til de ikke innvidde i musikken:Hvis dere har lyst å kjøpe "Juba Juba" i butikken, spør da etter "Dum og Deilig" med Ludsen og Knutvigsen. Eller Knutlud og Viksseenn. Eller noe annet.
Legg inn en kommentar