tirsdag, april 25, 2006

Bergen i mitt hjarte... I helga var eg i Bergen. Fine byen min med dei fine folka. Det var heilt rart å komme dit, så rart at eg måtte sipe litt idet eg kjørte over haugen, såg BERGEN og min gamle heim på Sandviken Brygge. Kjørte til Landås og henta Signe, etterpå dro vi til Mona, der både Monaborn, Cecil og Ellis dukka opp. Så fantastisk kjekt å sjå dei alle sammen. Ingenting er betre enn å sitte rundt Mona sitt bord, med fulle glas og flusst av bra damer rundt det! Eg fekk dei siste oppdateringane frå Living, i tillegg til den obligatoriske haipraten - sjølvsagt. Ellis kasta kjapt inn årene og kjørte heim til Sotra. Etter en skikkelig seriøs samtale, kjørte Mona oss til byen. Mona sin bil er verdas beste karaokebil, det vart nok konklusjonen etter den turen. Til tross for at vi fekk velmeinte(?) råd på telefonen om at det skulle vere "celebrityparty" på Metro og at det kanskje ikkje ville bli dritkult akkurat, hoppa vi glatt i det. Herregud, kor vi angra. Alle neka i byen på desperat jakt etter en amerikansk c-kjendis å dra med seg heim - kunne jo kanskje ha ein viss underhaldningsverdi - men niks. Så vi robba ein 711 for blått smågodt, prøvde med sjarm og alle lure triks å trykke det inn i ein politimann - og gjekk heim. Ingenting er som Bergen i vårsola, så til tross for sinnsjuk vind og litt creepy mann som måtte fortelle meg om livet sitt (som han heilt opplagt kunne ønske hadde vore annleis, for han kom seg ikkje heim til Austevoll, hadde ikkje drukke på tre år, men sprakk dagen før, alt dette fortalt med lett gråtkvalt stemme og maaasse matrestar både i munnen, i barten og i panna), satt vi ute på Torvalmenningen. Vi såg på tanta til Ingvill som spilte i korps, prøvde å lokke Sasi og I med på fest, men dei var så slitne, stakkars. Ellen hadde funne ein mann på vegen heim som snakka heilt likt Bjarte i Radioresepsjonen - eg blei heilt fascinert. Så kom nabogutt Aleksander med venn, vi svømte ned i ei blandingsfylle uten sidestykke, øl, vin, rasberry-, strawberry- og woodberrydaiquiry, noko som seinare på kvelden ville vise seg å ikkje vere det smartaste eg har gjort i mitt liv. Mobilen min tok kvelden, eg er enno ikkje heilt sikker på om det var på grunn av smellen den fekk dagen før, eller ein virusinfisert Främling-ringelyd eg fekk av Ellen. Vi dro på Landmark. Betrakta folk. Lurte folk frå diverse øyområder rundt Bergen på dei mest utspekulerte måtar. Fann folk med bart. Dro heim på ulikt vis. Sov delvis på badegolv, delvis i seng. Gikk med mørke solbriller søndag.

3 kommentarer:

Sasi sa...

No vart eg egentlig ganske glad for at eg våkna frisk og rask uten antydning til hovudverk på søndag:)

Gleda meg til neste gang du kjem, då vil eg vere med på eventyr!!

Sasi sa...

Og du, Bergen er jo verdens finaste by i vårsola, du kan ikkje flytte fra det veit du!

Anonym sa...

Gu så kjekk helg det har vore :D E jammen bra du snart kjeme igjen så me kan finna på meir mongisting! Sasi, du har å stilla neste helg :)