fredag, april 14, 2006
Dette var altså serien som inspirerte meg til å anlegge ein svært alternativ klesstil på ungdomsskulen. Genserar i størrelse xxxl, helst ribbestrikka og i mest mogeleg diffuse fargar. Pappa sin pysjamas frå syttitalet - på skulen. Blomstrete kjolar i kreppaktig stoff, gjerne frekt matcha med ei rutete skjorte. Ein dag gjekk eg på besøk til Frode med bestemors lange, blomstrete nattkjole og mamma si morgonkåpe i djuprosa plysj. Det syns Frode var storslagent. Han vart blank i auga, ga meg bøttevis med iste - og når det vart kveld, låg vi på graset i hagen, såg på stjernene og høyrde på kvarandres pust.
Eg veit ikkje kven eg var mest forelska i - Frode eller Jordan Catalano. Uansett var det berre kjipt å vere forelska på ungdomsskulen. Ein visste liksom ikkje kva ein skulle bruke det til. Sjekk ut musikken til Frode på http://www.myspace.com/ungdomskulen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Vi som kledde oss anleis på ungdomsskulen har nok komme styrka ut av det trur eg. Tenk å vere forskjellig i ei tid det var om å gjere å vere litt lik.
Eller var det kanskje ikkje det?
Tenke...
"Han vart blank i auga, ga meg bøttevis med iste - og når det vart kveld, låg vi på graset i hagen, såg på stjernene og høyrde på kvarandres pust."
eg var der,og det var ekte, sjølv om det ikkje blei sagt eller gjort noko med.
Legg inn en kommentar