søndag, april 09, 2006

Jepp, vi tok utfordringa frå Monica på strak arm, så her sit vi begge to lettare henslengt på sjølvaste Bolstadsofaen. Kva seier dykk til det, skattekistefolk? Den var ikkje mjuk, ikkje godt plassert i fancy omgjevnadar og ikkje ein smule fin. Mildt sagt ei bortkasta investering. Men det visste vi kanskje frå før. Ellers har vi frekventert Førdes utestadar hyppig og valdsamt, vi har tømt kraner både på Pikant og Treskeværket. Gamle, gode Tresken, der eg har tråkka mine barnealkissko! Alt var som før, både menneska, inventaret og musikken. Folk knuffa framleis både i køen og på dansegolvet. Røykmaskina på diskoteket fungerte akkurat like godt som før, den spruta røyk i vilden sky til Cecilie si store undring. - Ka e greio me da dar egentli? Nei, Cecilie, det er ikkje godt å sei. Vi fekk sjekka ut alle kjøpesentera, kjøpte skjørt og "onnesjorta" som mamma kalte min nye singlet. Eg fekk klippa både augebryn og Cecilie sitt hår. Vi har spist masse god mat, snakka masse skit og litt djupt. Vi har fått bekrefta det gamle og velbrukte ordtaket om å snakke om sola. Vi har kjørt pirattaxi med naboguten og følt oss som russejenter med vind i håret, stjerner på himmelen og sommarfuglar i magen. Helga har vore FABOLOUS. Og det er det beste eg veit når ting er fabelaktige.

6 kommentarer:

jeanette_s sa...

hehehe!!!! fy fader so bra!!!!!!!!!!!!!!!!!! det kan gå sport i det her, at vi gjev kvarandre utfordringar:) eller ka dokke seie?? ps. eg synst dokke va mykje finare enn bolstadmøblane:)

Anonym sa...

TUSEN TAKK for ei fantastisk helg hos deg og din herlige familie :) kan ikkje huska sist eg har hatt det så kjekt...på tre daga har eg følt meg 16, 20 og 24år, russejente, byjente, bygdejente, fnisejente, ganske attraktiv jente, sint jente, hysterisk glad jente, takknemlig jente og masse masse meir. Men som alle gode ting, tar det slutt før eller seinare...og som vanlig begynte Cecilie å sipe (klarte å holde igjen til eg satt trygt i bussete...) no telle eg ned dagane til du kjeme til Bergen.... :)

Sasi sa...

Så kjekt de har hatt det! Eg vil gjerne bli med ein gong, vil føle meg 16, 20(holdt på å sei 24 igjen, men då må eg jo først bli det)igjen og oppleve Førde på dinna måten. Førde for meg er jo berre handlesenter,sjukehus,konfirmasjon,dyrebutikk, Howard og oppkøyring. Treng eit nytt syn på Førde kjenne eg:)

Sasi sa...

Sofaen ser ut som plankar som er er trekt med skinn. Ville ikkje hatt den om eg fekk den kasta ette meg!!!

Monica sa...

Hihihihi, eg ler. Dette var best etter ein lang dag. Hadde verkeleg bruk for det.

Trine sa...

Hyggelig å kunne vere til hjelp;)