tirsdag, april 25, 2006
Våren skal vere ei bra årstid. Det skal vere sol, ein skal vere forelska, frisk og glede seg til sommaren. Derfor er det blodig urettferdig at det ikkje er slik. Eg går rundt på jobb og tenker. Vil ikkje snakke med nokon. Vil ikkje at ting skal vere som dei er. Eg vil kunne gjere noko for dei eg bryr meg om. Noko anna enn å berre vere der, klar for snakking eller ein klem eller å bare høre musikk og vere stille. Eg vil ha evna til å gjere folk lukkelege, friske, gje dei mogelegheit til å kunne planlegge heile livet sitt, til dei vert åtti år, og faktisk kunne garantere at alt det vil kunne skje - fordi dei har tid. Det burde vere ulovleg at ein 25-åring skal vere så sjuk at han ikkje kan tenke lenger fram enn til hausten.
Dette gjer meg så sint, så trist, så frustrert, så forbanna, eg treng nokon å la alt dette gå utover.
tell me you're crazy, maybe then I'll understand
you got your 9 iron in the back seat just in case
heard you've gone south well babe you love your new 4 wheel
i got to find why you always go when the wind blows
god sometimes you just don't come through
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
*trøysteklem* til dei utrøystelege
...
når eg kjem heim kan du få slå meg ned eller hive meg på havet
grine på meg heile natta eller snakke hol i hovudet mitt
kva som helst for at du skal få det betre
men vi veit jo begge at dette er noko av det tøffaste du kjem til å gjennomgå
han veit
kor liten du er
men det gjer ingenting
for du er du
Snille, søte Trinemor...du har faktisk lov te å vera så sint du berre vil og du kan få la det gå ut over meg viss det hjelpe :)
E ikkje så mykje meir å sei enn at verden e ein grusom og urettferdig plass te tide....
Legg inn en kommentar