lørdag, april 28, 2007
fredag, april 27, 2007
mandag, april 23, 2007

DEN STORE "PÅ MED BRILLAN"-FESTEN
Tenk, i helga har vi festa med både Kristine, vår kjære emigrerte Tromsøfrisør OG Kotsasi, den nybakte moder. For ein luksus, for ein stas, så mykje fjas og fjolleri - lykke, lykke! Sidan Kristi er her omlag aldri, hadde ho invitert ein gjeng med ville frisørdamer til oss også. For å sei det slik - dei hadde høg underhaldningsverdi og eg fekk vite mykje om korleis eg helst ikkje vil at livet mitt skal vere. Som at eg for eksempel helst ikkje vil ha to tv i stua, fordi mannen min og eg ikkje blir einige om kva vi skal sjå på av "Bigbrother" og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Det vil eg helst ikkje. Men eg kan godt ha kvitt hår a`la Bonnie Tyler om det er det einaste alternativet.
Det er på ingen måte meininga å vere sarkastisk og frekk - vi hadde huset fullt av gode menneske, få ting slår det!
Men nokre damer bør heilt klart få eit langt og avansert kurs i "korleis-forstå-"på-med-brillan"-leiken".
mandag, april 16, 2007
Å-ÅO -
Eg har visst nesten gløymd bloggen min. Eg kjenner meg som eit dårleg menneske. Har vore for oppteke av andre ting; henge i parken og svi fingrane, leike med kjæresten min, drikke øl og feire Sharin-bursdag, køyre med hund og born til askøy og le oss i hel av fine gamle damer. Eg angrar. Men berre litt. For alt har vore så fint i det siste. Bloggen min tilgjev meg, eg veit det nok.
Og ein annan dag skal eg skrive her. Mykje. Men ikkje no. For no skal eg leike med han eg likar så godt.
fredag, april 06, 2007
PIKNIK I PARKEN -
Velfortjent fjas og fyll etter "reell kundeprosjekt" på skulen (reell kunde, my ass). Dog var det likevel høg stemning, mange glade og letta jenter samla i en fin dunge på graset. Så "fant" vi også gratis underholdning då det gjekk to franske gitargutar forbi. "Plis, dånt gåo, play just vån sång får øs!", sa vi, dei sa "okei", og hang med oss resten av kvelden. Dei spelte alt vi spurte etter, og blei svært imponerte av vår evne til å lett som ingenting lære oss alle dei franske banneorda dei viste oss. Og vi applauderte med stor iver når dei sa "hæstkuk" med perfekt nordnorsk aksent.

Dei hottaste brillechicksa i byen.

Gitarkameratane våre.

Blide og nøgde, Nathalia og Johanna.

Ikkje akkurat kvar dag eg et pølse, men denne dagen gikk eg ukritisk med på kva som helst.

SkumleLene blei BlideLene på null komma niks!

torsdag, april 05, 2007

Samtale ved middagsbordet i familien Grønseth (i sammenheng med at Molly skulle få besøk av Martin, som skulle kjøre bilen sin heile vegen frå Trondheim):
Pappa: Har han BMW? Korleis har han fått råd til det?
Molly: Herlighet da, han har jo hatt full jobb i tre år.
Mamma(den svikaren): Det har no Trine også, men ho har ikkje akkurat bil fordiom.
Molly (min engel): Nei, men ho har veldig mange fine sko.
Takk for støtta, Molly!
JULA VARER HEILT TIL PÅSKE. FAKTISK.

Om nokon stussar på kor alvorlege vi ser ut medan vi pyntar juletreet, så er vi det med god grunn. For det utartar seg kvart år som ein kamp på liv og død. For når mamma ikkje har fått mat, helst vil at treet skal sjå ut akkurat som i fjor, helst ikkje drysse, ikkje stikke, ikkje vere skeivt, for høgt eller for lavt - det seier seg sjølv at det ikkje er særleg morsomt. Men det har nok ei viss underhaldningsverdi - iallefall for utanforståande.

tirsdag, april 03, 2007
søndag, april 01, 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)