Åh-Jei!
Bent og Trine var på Teatergarasjen i forgårs, og såg "Bare Back Lying". Eit kombinert danse- og teaterstykke om løgn, sanning og sjølvbedrag, kjærleik og ikkje-kjærleik. Det var så komisk, trist, sørgeleg og latterleg - og så fantastisk, fantastisk nydeleg. Eg har aldri i mitt korte og tøysete liv sett noko finare, tårene spruta og eg hadde gåsehud heilt nedi skoa i timesvis etterpå. Så eg skylde kjæresten min ca minst diplom og pokal for å ha tatt meg med. Veldig trist at det var siste dagen det gjekk når vi såg det, for ellers skulle eg ha tvangssendt alle skattane i Bergen dit for å sjå det.
2 kommentarer:
Å! Det hørtes fabelaktig ut! Eg savne deg, Sallymin. Vil leike me deg snarest, helst akkurat no egentlig.
Jah. Eg også! *grine*
Legg inn en kommentar