søndag, april 01, 2007

Eg har blitt mamma. Altså; eg har blitt som mamma. Ingenting gale i dét - mamma er nydeleg og bra på alle vis - men ho greier ikkje å sjå ein heilt film i strekk utan å sovne. Og etter å ha ledd svært mykje av dette i omlag heile mitt liv, har eg no tydelegvis arva denne eingenskapen. Stabelen av halvferdigsette filmar hos Bent begynner å nærme seg tre meter. Dette er til stor bekymring. Det har nemleg ingen betydning om filmen er bra eller dårlig, om det er et storslått drama, ein skrekkfilm eller ein komedie. Eg greier berre ikkje å halde meg vaken. Så betyr dette at eg i framtida kun kan sjå ein heil film om eg startar å sjå den før klokka seks? Må eg begynne å stå istadenfor å sitte? Eller gå? Liksom fram og tilbake og lage grop i golvet foran skjermen? Har eg gått attende til då eg var fire og sa: "No vil eg legge meg" i det barnetv var slutt, eller har eg "endeleg" blitt ei vaksen kvinne (altså mamma) utan mogelegheit til å snu? Eg er usikker. Og skeptisk. Så der eg sovnar som ein stein omlag i ellevetida, er min kjære vaken til langt på natt. Og når kroppen min (den dumme, dumme kroppen) seier at - no skal du vakne, Trinemor - dette cirka halv sju om morgonen - er det jo minst fem timar til Bent sin kropp seier at han bør vakne. Så kort oppsummert søv vi samtidig i omlag fire timar. Eg skulle gjerne ha laga ein illustrasjon, ein slags graf, for å vise korleis sovinga vår overlappar kvarandre på ein litt skeiv og dårleg måte. Men eg veit ikkje korleis eg kan gjere det på min kjære sin maskin. Og eg kan ikkje akkurat spørre han no. For han søv. Og eg er vaken.

10 kommentarer:

Anonym sa...

liker deg best når jeg er våken, men også veldig mye når jeg sover...


så ikkje tenk på det....

jeanette_s sa...

Jammen Trinemor, eg har jo sagt at du må gå å legge deg til vetig tid....

Monica sa...

Du beskriv eit ganske vanleg fenomen... Kjenner meg godt igjen..

Anonym sa...

Ja, du husker sikkert nå jeg brukte å legge meg sist du var på besøk... :o)
I kveld er målet å holde ut påskekrimmen på NRK...

Anonym sa...

Ånei, eg skreiv på bokmål... anonym sin feil (kem han dét vere då?)

Anonym sa...

Men netta, om eg legge meg i vetig tid, våkne eg jo før hanen gale - og det utgår jo!

jeanette_s sa...

hm..Motsigelse i det du seie altså...;)

Anonym sa...

Eg har INGEN anelse på kem den anonyme er. Men eg merke at eg like han litt.

Anonym sa...

Brålli

Anonym sa...

Ådj-ådj-ådj, jei ved ige om jei skal lee eller gråde..