mandag, april 23, 2007






DEN STORE "PÅ MED BRILLAN"-FESTEN

Tenk, i helga har vi festa med både Kristine, vår kjære emigrerte Tromsøfrisør OG Kotsasi, den nybakte moder. For ein luksus, for ein stas, så mykje fjas og fjolleri - lykke, lykke! Sidan Kristi er her omlag aldri, hadde ho invitert ein gjeng med ville frisørdamer til oss også. For å sei det slik - dei hadde høg underhaldningsverdi og eg fekk vite mykje om korleis eg helst ikkje vil at livet mitt skal vere. Som at eg for eksempel helst ikkje vil ha to tv i stua, fordi mannen min og eg ikkje blir einige om kva vi skal sjå på av "Bigbrother" og "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Det vil eg helst ikkje. Men eg kan godt ha kvitt hår a`la Bonnie Tyler om det er det einaste alternativet.

Det er på ingen måte meininga å vere sarkastisk og frekk - vi hadde huset fullt av gode menneske, få ting slår det!

Men nokre damer bør heilt klart få eit langt og avansert kurs i "korleis-forstå-"på-med-brillan"-leiken".

2 kommentarer:

Anonym sa...

Fantastisk. Eg e sjalu. o-)

Koffor tok du jamt øve ikkje telefonen i går, forresten?

Anonym sa...

Jamt øve, så hadde eg ikkje lader, så da gikk det som det måtte, liksom.