
Førde. Påske. Heime. Det kjennes bra og rart. På vegen heim i dag, høyrde eg på musikk frå våren i fjor, merkeleg korleis ein plutseleg kan kjenne som om ingenting har skjedd på eit år. Lyset og veret var det samme, musikken, kjensla innvendig. Så i dag har eg vore i 2006. Saman med Vegard, Kashmir, Death Cab, Shins, Regina og Blondie.
Sola gjekk bort og det begynte å regne sånn omtrent i det sekundet eg gjekk av bussen. Neida, eg tek ikkje dèt personleg, ikkje i det heile tatt. Så i morgon skal eg IKKJE ta solarium på rein trass - niks. Og eg skal heller ikkje hamstre vin i bøttevis, for å sikre meg ei fullstendig u-edruelig påske.
Jo - det skal eg faktisk. Hah!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar