tirsdag, februar 14, 2012

Heilt nytt menneske!


Vakre, lille Albert blei fødd i går og eg er dermed tante til tre vidunderlige småfolk! Sidan Heidi var på overtid og det var plass i Haukelandherberget, fekk eg det ærefulle oppdraget å hente Maja og Leo i barnehage og på SFO. Medan Leonard og eg baksa oss opp ein bakke full av is og snø på veg til skulen til Maja, fekk eg bilde av lille ny på storesøsters bringe. To stolte storesøsken bestemte fødselsmeny, så vi hadde middagsfest i stova med pannekaker og is før Rune kom og henta oss for å hilse på nurket for første gang.

Å få overvære ungane sitt første møte med den lille bylten, var heilt magisk. Blikk fylt av glede, stolthet og ørlite redsel - broren lagde mykje lyd til å vere så liten! Medan han var i magen gjekk han kun under navnet Ruffen, men ute i verda heiter han Albert. Og Albert passer namnet sitt heilt perfekt.

Det er heilt fantastisk at han skal vere her alltid, og eg gleder meg sånn til å lære han å kjenne.


Augesnop;

I dag ramla eg over ein særs fin blogg, laga av ei feministstudine i Ameerika. Det er ingen hemmelighet at eg er fan av Ryan Gosling, og har hans vidunderlige film "Lars and the Real Girl" på klar topp-5. Så det at han er på ca alle bildene gjer virkelig ingenting. Smart dame. Snasen mann.

Sjå bloggen her! Takk for lån av bilde!

søndag, februar 12, 2012

Slappe søndager

Trenger fin musikk. Og da passer denne perfekt.
Ukulele, trompet, ballonger, dans, konfetti og elefantmasker i ei deilig smørje.

No må eg ut i sola!

fredag, februar 10, 2012

Februar - stakkar.


Det kan umulig vere lett å vere februar. Grå, kald, gørr og utskjelt. Med god grunn, pardon my french.

Snøen kom med februar, og dermed også det alltid påfølgande slapset. Sjølvsagt presist tima til dagen eg skulle dra til Haugesund for å lage ny butikk. Eg brøyta fortaua slapsefri med min rosa koffert på veg til hurtigbåten. Eg hadde heilt glømt kor lenge det var sidan eg hadde satt mine bein på ein båt, og dermed også gløymt - eventuelt fortrengt - at eg ikkje akkurat er født med sjøbein. Først gjekk det strykande, og min kollega Sølvi og eg hadde det superflott med kaffi, snikksnakk og aviser. Heilt til det begynte å duve. Kraftig. Kapteinen kommenterte lett henslengt på høgtalar: - Som de kanskje har merka har vi komt ut i åpent farvatn. Jo, takk. Eg som hadde vore kald til då og hatt jakka på knea, skjerf og strikkejakke, droppa det eine plagget etter det andre, tok strikken utav hestehalen og blåste kald luft på mi eiga bringe. - Er du dårlig, sa Sølvi. Eg nikka, og kunne regelrett sjå sirkuset som føregjekk i magen. Eg såg desperat etter næraste bosspann, og hadde raskaste vegen til do innen rekkevidde. I siste liten segla vi galant til kaia og var framme. Bølgene skvulpa framleis innvendig ein time etter eg gjekk av båten.

Når vi skulle tilbake til Bergen sa eg til Sølvi at om ho skulle ta båten, skulle ho faen meg få ta den aleine. Vi tok bussen.

Tilbake til februar; ein ting skal du ha - du gjer morgonane lysare. Du burde nesten fått diplom for dèt.

Takk for lånet!

søndag, januar 29, 2012

Tur, telling og turtelling.


Vi har hatt varetelling på jobb i helga, og heile uka gjekk med på førebuingar. Endte opp med å telle alt fra agurkskiver til sokker både før og etter jobb. En - to - en - to - ferdig. Deilig å ha det overstått, jentene jobba som heltar alle saman, som vanlig. Så i formiddagdag klokka to var siste tall tulla og vi kunne gå heim.

Bergen viste seg frå si aller beste side i dag, litt kaldt, berre. Så eg pakka meg inn i boblejakke, skjerf, lue og votter og gjekk for å lufte vekk tall og tekstiler frå hjernen. Med Arcade Fire på ørene var eg egentlig litt mutt til sinns i starten, men det gjekk fort over. For her-lig-het kor deilig det var å vere ute i dag! Rundt Store Lungen var det nesten antydning til knoppar på trea! Iallefall om eg myste og la godviljen til. Og då eg snudde nasen tilbake mot byn hadde sola gått ned og himmelen var rosa og timen blå. Ved brannstasjonen er det byggekaos og fire gigantkraner midt i det heile som forstyrra utsikten litt. Men det var så vannvittig fint, og eg blei varm om hjartet og tenkte: Bergen; eg elsker deg, baksida av deg inkludert. Så vart eg skjelven i knea, kom på at eg hadde spist altfor lite, og gjekk heim med månen over meg, tynn som ei negl.

Bildet lånte eg her.

onsdag, januar 18, 2012

Bare fire måneder til nesten sommer.


Eg lengter og venter, blar igjennom bilder fra den forrige sumaren, og seier "åh!" inni meg. Og kan nesten kjenne sola krible på skuldrane og nasen, kjenne saltet frå havet brenne på tunga og den deilige følelsen av å ha på "guttefjeset" uten å vere ukonfortabel med det, ettersom fregner er finare enn mascara. Kom snart, sol! Eg savner deg!

I mellomtida har eg begynt å sjå "Six feet under" igjen, og det kjennes endelig som om det går greit å begynne på nytt. Forrige gang var eg altfor rask, og starta over igjen rett etter det var slutt. Det kjendes som eit krater i hjartet når alt var forbi, men desto vondare å prøve igjen. Eg visste jo alt om alle. Denne gangen kjennes det nesten heilt ferskt igjen. Bortsett frå at eg kjenner små rester av totusenogseks klø meg i bakhodet. Men berre såvidt. Og det er heilt greitt.

Ellers har dei pakka nabohuset inn i plast, så eg føler eg får ein stor og litt skummel presang i ansiktet kvar gong eg ser ut vinduet. Og så skal eg jo snart bli tante igjen, og gleder meg sånn. Eg lurer på om han har brunt eller lyst hår, blå eller brune auge, om han er kul, stolt og vil bli glad i livet sitt og tanta si. Eg håper dèt. 

torsdag, januar 12, 2012

Dagens observasjon:

Etter å ha tråla diverse meir eller mindre halvgode blogger, ettersom eg ikkje veit mitt eget beste, har eg komt fram til at "Nei, du blir ikkje penere jo lengre øyevipper du har." Om det ser ut som du har bart på øyet har det faktisk gått for langt.

Det var alt, takk for meg.
Bilde

fredag, januar 06, 2012

Med blanke ark og fargestifter til.

Der var vi i gang med 2012! Det starta ganske heftig, med mykje mat, mykje dans, mykje vin og mykje moro. Vi sto på taket i vind og regn og ropte "wohooo" til kvar einaste rakett, og eg lo meg i hel av smilefjesrakettane fra Bergen kommune ettersom 90% av dei var oppned. Okei!

Eg prøver eigentlig å vere eit av dei menneska som insisterer på å ikkje ha nyttårsforsett. Å bli eit bedre menneske forsøker eg på for det meste, det er litt frekt å trenge eit nytt år for å ha ein grunn for akkurat dèt. Slutte å røyke gjorde eg for årevis sidan. Slutte å spise sjokolade blir ikkje aktuelt. Begynne på treningsstudio gir meg epilepsitendenser. Å slanke meg utgår. Eg vil for alltid elske mat, og tar meg sjølv titt og ofte i å glede meg til neste måltid mens eg faktisk spiser.

Men: Eg rørte meg lite heile desember. No har eg tilfeldigvis begynt med dèt igjen. Og det kjennes deilig. Utelivet rocker! Den "friske lufta" i Bergen er riktignok ikkje den friskaste i verda. Men ute er no ein gong ute. Og der vil eg finnast titt og ofte framover! Røden og eg. Bli med dei som vil!

(På mandag skal Johanna og eg på vår første prøvetime på Yogarommet. Det har ingenting med nytt år å gjere, det er totalt tilfeldig at den kom no i januar.)

Bilde herfra.

lørdag, desember 31, 2011

Det var den dagen 2011 slutta.


Og eg skulle tenke på kva det hadde lært meg, dette året. Vel... Sjølve året kan vel ikkje ta æra for min lærdom iløpet av det. Men det eg har lært litt, noko av det visste eg riktignok frå før, men nokre ting har blitt enda tydeligare. Blant anna dette:

1. Hald dei nære og kjære enda tettare til brystet. Vi er så små og skjøre, alt kan skje, når som helst. Det gjeld å elske mens ein kan.

2. Å fylle 30 er faktisk heilt greit. Ingenting endrer seg, bortsett frå fleire grå hår. Og dei farga eg vekk i dag. Hadet!

3. Eg kjem aldri til å slutte å gruble mest når eg egentlig skal sove. Dagbladet kan skrive igjen og igjen at eg skal "sette av en time til å tenke på bekymringer, og når timen er over - slutt å tenke på det". Berre å drite i. Det går ikkje. Natta vil fortsette å kreve grubling frå meg.

4. Musikk vil aldri slutte å gjere meg uanstendig lykkelig, og eg gleder meg allerede til fleire konsertopplevelser i 2012.

5. Eg kan klare meir enn ett nachspiel iløpet av ett år, dette på trass av min høge alder. Eg sikter mot 3 (!) i  det neste året, og vil dermed sprenge alle tidligare rekordar.

6. Å være menneske kjennes framleis rart, spennande, overraskande, vondt, godt, skummelt og veldig, veldig deilig. La det for alltid fortsette å vere alt det!

Og sidan det er tradisjon, siterer eg Tori, som framleis er min muse i mykje, som ga meg ein av dei aller mest magiske augneblinka i mitt liv dette året, på Sentrum Scene i oktober:

Sights and sounds
pull me back down another year
I was here


Måtte det nye året bringe mykje glede til alle mine!

Bilde herfra.

torsdag, desember 22, 2011

Lille, lille, lille julaften;

Eg er stressa og stiv i alle musklar, har rester i hodet fra verdens slemmeste migrene på søndag og rødsprengte blodårer i auga. Men det gjer ingenting. Eg har pakka inn alle gavene, og etter en smule søvn og litt jobbing setter eg meg på bussen heim i morgen kveld. Til heimen min i Slåttebakkane, til mamma, pappa, Marte, Heidi, Rune, Leonard og Maja. Til julepynta tre, peis, varme, kos og kjærleik. Legge meg pladask i senga og sove til småfolka syns det er morgon (sikkert sånn i sekstida), stå opp til godteri og julefrokost, Askepott, Julestjernen og stress før paljettane og fjeset er på og vi sit godt plassert på ein hard kirkebenk ("Ka skal vi der?" spurte Maja når eg lurte på om ho skulle vere med tantene og bestemor i kirka på julaften. Eg sa vi skulle synge julesanger og dermed var saken avgjort; She`s in!). Til bords, til mat, til mjuke puter, mjuke smil og mjukt lys fra hundre stearinlys. Åh, lykke.
Bilde herfra.

torsdag, desember 15, 2011

torsdag, desember 08, 2011

Eg venter.

Og venter. Og venter. På at det skal bli jul. Og på at eg skal ha ein liten skapning med snøblondt hår på madrass vedsiden av meg om natta. Og på at lille mennesket skal få meg til å sjå kor fint det egentlig er med jul.

Frøkna eg skal dele rom med er Maja, herligste jenta på planeten. Lille mus som fyller sju på nyttårsaften. Som får meg til å bli stor og liten på samme tid, på samme måte som Leonard-bror lager fontene av store følelser i et tante-hjerte, på ein måte ein ikkje visste fantes.

Og desse to skal bli storesøsken i februar. Til eit nytt folk som igjen kjem til å generere ein slik kjærleik at ein blir matt av heile greia.

Å vere tante det aller, aller beste eg veit.

torsdag, desember 01, 2011

K-k-k-Katie!

I min sein-novemberblues fant eg igjen ein gammel venn på Spotify. Åh-åh-åh, kor eg har savna Kate Bush! Eg visste det berre ikkje før eg satt her med "The kick inside" på ørene mens eg lata som eg var godt i gang med heimelaga julegaver (haha, liksom)(men eg har laga ein, altså).

Før høstferien i 1997 kjente eg kun til Babooshka, og den var jo heilt okei. Det var før Caroline og eg fekk dra til Bergen og besøke storesøstra hennes (eg skjønner ikkje heilt korleis dèt gjekk til uten kamp, siden eg berre var 15 og hadde foreldre som var skeptiske til det meste. På generell basis. Eg skreiv muligens ein skriftlig søknad med gode argument der for-argumentasjonen alltid var mykje sterkare enn mot-arumenta. Det pleide å gå i boks). Uansett. Vi hadde ein misjon: Piercing. Eg ler litt av meg sjøl berre eg tenker på det no. Men det var alvorlige greier. Hull i navlen, på ordentlig studio. Ingen spikerpistol eller varme poteter involvert.

Caroline hadde allerede brei erfaring på området, ho hadde gjort det før og visste kor den einaste aktuelle bula befann seg. Witchy-Bitchy Beauty Spot. Det svarte huset oppe i bakken. Der überkule Henny med nålene holdt til.

Dette var på den tida eg var litt søkande i forhold til ca alt, så det var fullstendig magisk å komme inn på Whitchy-Bitchy. Eg trur eg skreiv tretten sider om det i dagboka mi når eg kom heim, men eg skal prøve å begrense meg no. Uansett, eg fekk "beroligende urter" på tunga, noko som sjølvsagt satte inn umiddelbart, så når nåla blei satt og smykket satt inn befann eg meg i total avslappa og euforisk tilstand. Liksom, da. Men eg var i det minste veldig kul, sexy og ikkje minst - gjennomhulla.

Etterpå dro vi til Benedicte-storesøsters residens i Kalfaret på restitusjon. I ein fantastisk gammel villa som åpenbart hadde blitt pussa opp av hippier. Psykedeliske tapeter i alle rom, diger hjørne-plysjsofa og teppebelagte golv. Eg låg på golvet i herlig-alternativ krepp-aktig bukse og med oppbretta genser så "operasjonssåret" skulle få kvile. Og frå høgtalarane kom Kate. The kick inside. Det var, og er framleis, ei fantastisk plate. Mykje store ord om kjærleik og livets magi. Eg elsker det. Og eg hører Caroline si stemme syng oppå Kate si; Belzebub is aching in my belly-o.

Ringen er forresten ute for lengst. Og ja, mamma blei forbanna. 

Hei, desember!

Eg kjenner deg i magen allerede. Du treng ikkje overdrive sånn for å få oppmerksomhet. Kaste regn på vinduet mitt. Få Scandic-flagget på Hotell Neptun til å stå rett ut (eg veit kva som står på det!). Og det trikset med lyn og torden etterfulgt av snøballstore hagl i går. Kom igjen. Du får nok oppmerksomhet fra før.

Men eg gleder meg til jul!
Bilde fra weheartit, som vanlig

mandag, november 21, 2011

Herr og frøken Nilsen

I og med at min oppdragelse har vore styrt ca 50 prosent av ein nordmøring med hang til "gittar" og visesong, har min musikksmak meir eller mindre frivillig blitt påvirka av dette. Det begynte med Lillebjørn, fortsatte med Joan og Joni. Og eg merker at det meste eg virkelig elsker av musikk har ein viss grad av visesong i seg.

Eg holdt på å rødme meg i hel når eg fekk kudos av Lillebjørn Nilsen på ein kommentar eg skreiv om Bert Jansch på Underskog. Og etterkvart som eg har blitt vaksen (?), ser eg kor kloke songer han har skrive. "En himmel full av stjerner" er utrulig forut for si tid, eigentleg. Det er rart å tenke tilbake på søstrene og eg som gaula denne songen som det festligste i verda, også er teksten så stor og alvorlig. Eg begynner å grine av den når eg høyrer den no. Sikkert av ein kombinasjon av nostalgi og ei djupare forståing av teksten. I tillegg til at den vart brukt i samband med Utøya i sommar.

Forresten begynner eg å grine av Knudsen og Ludvigsen også. Melodiane i versa er så triste! Høyr berre på "Kanskje kommer kongen" og "Dum og deilig"(ein høyrer det kun om ein greier å oversjå kam-spelinga). Men trist-fint, akkurat slik eg liker det.

Men det eg egentlig skulle fram til i starten, er at eg har hørt på Siri Nilsen i dag. Og herlighet, ho er flink!  Coveret er forresten tegna av dyktige Sanna, som har tegna det fantastiske bildet vi har på veggen. Siri skriv såre, fine, deilige tekster og har ein stemme av snø og vind og stjerner og alt som er bra. Eg liker "Brev" best. For det passer så fint no i november, når dei har hengt opp julestjernene i gata utan å slå på lyset, og Vegard skulle fylt 30 år, akkurat som eg gjorde. Sjølv om det gjer vondt, og sjølv om eg savner han kanskje enda meir enn eg gjorde før, så veit eg at inne i meg vil han bli like gammel som meg sjølv, kvart år og kvar einaste dag. Om ikkje anna.

har du det fint nå, er du et vakkert sted uten farer?
jeg har blitt stor nå, men skriver fortsatt brev til en som ikke svarer



og disse gatene er dekket av alle dine gamle fotspor
jeg følger etter dem så godt jeg kan
men jeg husker ikke hvor du tro
og jeg har ikke tid til hjertesorg, den må du ta fra meg
for det banker to hjerter i meg nå
det er så mye jeg vil fortelle deg
så mange ting du ikke vet, ubesvarte brev

Eg har lånt bildet og teksten her.

fredag, november 18, 2011

Som ein jet-motor


fyk dagane avgarde. Samtalane mellom kaffidama på hjørnet og meg sjøl handlar utelukkande om vêret og kor fort dagane går. Det kjennes som om det er fredag og mandag kvar dag, heile tida.

Så eg har tenkt tilbake på sommaren, de veit den som aldri kjentes som om den verken kom eller gjekk, som var ei boble med godt, vondt, bittert, søtt og salt. Som var varm og kald, og for andre sommar på rad bada eg ikkje i norsk vatn. I den anledning prøvde eg å sende over bilder for å illustrere min sommar tjue-elleve. Det gjekk ikkje. Mobilen ville ikkje samarbeide. Så eg skriv bildene her, så får de lage dei i hovudet sjølv:

Bilde 1:
Sein-april. Det næraste vi kom sommar, iallefall i forhold til varme og sol. Bergenfest og glede. Latter, venner og vin på taket. Musikk, ballongar og årets einaste nachspiel.

Bilde 2:
Fine kvelder på Legal. Bobler i blodet, fnisete jenter og skribling av pompøse ord på dogg frå varme kroppar på vinduet.

Bilde 3:
Ryggen til Cecilie som skuar utover stranda, høgt oppefrå, på ei klippe på Kypros. Etter tre kvarter surrande rundt som mygg i syltetøyglas fann vi vegen til havet. Og livet kunne ikkje bli bedre.

Bilde 4:
Brodert duk og utdelte kort for ein omgang trippel Idiot på verandaen, også dette på Kypros. Malibu og cola i glasa. Vi er då ikkje gamlisungdom for ingenting, må vite.

Bilde 5:
Tilbake i Bergen. Te, epler, mann og Morgenbladet på frokostbordet. Mannen er forresten ikkje  bordet, men ved sida av.

Bilde 6:
Anne Mari og eg. Arm i arm nedover smaua i byen eg elsker. I shorts, faktisk. Sushi på taket og vin kvar dag! Eg kan lukte ho på pikerommet lenge etter at ho har reist. Ingen lukter så godt som Anne Mari.

Bilde 7:
Maja, Leonard, mamma, pappa og eg på Askøy. Små barnehender sorterer blad frå blåbær på ei rist i hagen. Og den store sjøen vi bada i når vi var små er berre ein dam no. Vatnet er kaldt, men dei finaste ungane i verden dypper både tær og knær nedi likevel. Alle skjell og krabbeklør er skattar.

Bilde 8:
Nathalia og eg, ekstatiske på Rihannakonsert. Røde lepper, dobbel dose vin i plastglas. Og når sexbomba i bikini syng "Redemption song", grin eg auga mine ut for alle dei som ikkje fekk leve lenger enn til slutten av juli i dette året ingen nokonsinne gløymer.

Bilde frå weheartit

fredag, november 11, 2011

Oi. Eg er tretti.

Og ja, bare kall meg patetisk, men her eit par ting eg har hatt glede av i mi første veke som tredveåring:

1. Eg er like gammel som Britney, ergo har eg omtent likt utgangspunkt dersom eg også var koko, hadde barbert av meg håret og alt det der. Og dersom eg hadde hatt like vertøy som henne for retusjering. Det har eg forsåvidt faktisk, i kraft av å bu saman med ein photoshop-ekspert. Eg berre unngår å benytte meg av han (eg tipper han ikkje gidder heller - derav temafest på bursdagen)... Men eg også kan sjå slik ut som tredveåring!
2. Nokre av kundane mine insisterer framleis på at dei vil snakke med "ein voksen" framfor meg på jobb. Eg velger å tru at det betyr at eg ser ut som ein ungdom.

3. Dama på polet ba meg vise leg. Eg burde kanskje i samme slengen opplyse om at eg sa: Seriøst? Eg handler her heile tida, og kjøper altså alle desse boblene i anledning min trettiårsdag i helga. Dama i kassen repliserte: Er det sant? Åh, eg husker når eg fylte tretti... Etter dèt går alt nedover.

TAKK SKAL DU FAEN MEG HA!

4. Jaja.

5. Rester fra bursdag. Sjokolade kvar dag!

6. Og kake!

7. Og vin!

8. Britney.

mandag, oktober 31, 2011

HURRAAAAAA!




Eg erklærer herved bursdagsuka mi for åpna! Søndag blir eg 30 år, og det føles så latterlig at eg ikkje kan forstå det. Men det skal feires!

Bilder lånt herfra.

søndag, oktober 09, 2011

Søndag; eg liker deg.

Bent trossa været og gjekk ut for å kjøpe nybakt brød. Lang frokost med aviser, kaffi og egg er alltid ein slager i min verden. Rød og eg hadde vurdert fjelltur, men ettersom det regna i kryss på vindua mine, sendte eg ho ein sms og sa at eg nekta. Ho var enig. To timer på Dromedar over meir kaffi og gulrotkake med favorittrødhåringen min var ei smart prioritering.

... Og alt dette skjedde når eg var tjueni. Beklager fokuset på tall. Eg veit det ikkje betyr noko.

tirsdag, oktober 04, 2011

Ho gjer det igjen og igjen, ho Maria.

Mena, altså. Ho er ei av desse som berre får det til, og eg beundrer det veldig. Å lage såre, vakre sangar gang på gang, som kjennes ekte og tåredryppande og veldig private uten at ein tenker "no får du gjeee deg", eller som Bent seier; "slutt å syt".

Eg håper det er sant det som sangane og tekstane hennar får meg til å føle, nemlig at ho Maria Mena er ei skikkelig bra dame.

Dette bildet av henne får meg nesten til å dåne, og gir assosiasjonar både til Svanesjøen og Carrie Bradshaw på senga i Paris. Eg lånte det her.