lørdag, april 01, 2006

Etter 7 timar i bil på ekte gamledagarvis med mamma, pappa, lillesøs og meg, kom vi fram til Kristiansund. Byen som alltid har vore pappas hjarte, naturleg nok sidan han har vakse opp her. No er den også mykje i mine tankar, sidan Heidi bur her med sitt lille fjon og mannen sin. Sidan vi ikkje har sett dei sidan januar *lengte*, var vi spende på korleis Majsa ville ta dette storinnrykket av rare og skumle folk. Pappa var dritnervøs sidan han var den soleklare favoritten sist. Ville ho avvise han blankt denne gongen, eller ville det bli nok ein suksess? Vi kjøyrde forbi badelandet: Mamma: -Eg ser bilen deiras! Marte: -Eg ser husen deiras! Pappa: *svelgekremtenervøst* Trine: -Jippi! Heidi stod klar i vinduet, vinka hysterisk. Opp trappa, ringe på og banke på. Høyrde ein liten, tynn stemme der inne: "Mamma!". Iiik! Og der var dei, alle tre. Maja var sjenert og klynga seg til pappa. I to minutt. Så kom det eit sjarmerande lite "heja" med ekte nordmørstonefall, nesten. Så fikk ho altfor stor trehjulssykkel av oss, og alt var fryd og gammen, hei og gakk og bapp og takk og beibi og mamma og pappa. Ho er så flink og lur og herlig kosete, klemme oss og seie "aaaa". Ingenting er så kjekt og fantastisk som å vere tante til verdens finaste fjon!

3 kommentarer:

Trine sa...

-Og til dei som lurer, pappa er fortsatt populær!

Sasi sa...

Så kjekt! Eg visste ikkje at de skulle ut på ein so lang biltur, men det må vere arti. Minna meg om ferieturane familien Menes/Johannessen hadde før i tida. Kose deg masse med tanteungen din, og sjølvsagt resten av familien:)

Anonym sa...

Wrong - I'm The (uttales thii) GrandDad Champion of All Years ! Jezzz...