torsdag, april 20, 2006

Papir Eg blir litt bekymra for meg sjølv når eg begynner å tenke at eg kanskje liker arkivet litt allikevel. Sist eg jobba på sjukehuset var eg så frustrert over denne papir- og støvfylde staden at eg oppretta ein eigen organisasjon; "Kvinner mot arkivet". Dei aller fleste som har med arkivet å gjere, er svorne tilhengarar. Eg hadde store planer om å gi ut månadlege nyhendebrev - det vart med tanken. Ei velkomstavis klarte eg faktisk å hoste opp, til stor glede for mine medlemmar. Grunnen til at eg har begynt å sjå på arkivet med litt andre auge er at eg har begynt å forske. Eller iallefall lure på ting (som om eg ikkje gjer dèt nok frå før). Eg legg merke til betenkelege ting om dei ulike fødselsdatoane. Kor merkelig er det ikkje for eksempel at alle som er fødd på ein viss dato i 1958 er døde? Den samme datoen, det samme året, i det samme fylket. Og på ein anna dato i 1914 er alle dei sju som var fødde framleis i live? Eg gir meg over. Desse mystiske oppdagingane har sjølvsagt ført til ein ekstrem forskingstrang. Det første eg gjorde, var å sjekke kor tjukke journalane på fødselsdatoane til meg og alle mine kjære. Det ser svært lovande ut, heldigvis. Men kvifor er det slik? Det er heilt unaturleg for meg at ein gjeng med hundreåringar skal vere friske og pigge, medan ein anna gjeng med 50-åringar skal stryke med. Er dette tilfeldig eller avheng alt som skjer i liva våre av kva dag vi vert fødde på? Eg blir mildt sagt nervøs. Ikkje det at eg har noko imot levande 100-åringar, altså. For all del! Hm. Dette er kanskje ikkje ei særlig bra utvikling. Mest sannsynleg er dette berre enno ei påminning på kor kjedelig det faktisk er å jobbe på akrivet. Og eit klart teikn på at eg bør omplasserast snarast.

15 kommentarer:

Anne Mari sa...

Eg syns det e sunt å vere så nysgjerrig og bruke det kjedelige til nåkke bra. Har eg ei mappe der? Har du lov å lese i dei?
Gla i deg vennen

Anonym sa...

så du holde på med litt agent arbeid..? ka står i mappa mi? :)

Monica sa...

Slikt forskingsarbeid kan sikkert brukast til noko nyttig. Eg og vil sjå mappa mi! Du kan vel kanskje legge den ut på bloggen? Er det ikkje noko som heiter pasientjournal.com der vi berre kan logge oss inn?

Trine sa...

E dåke galne!? Eg har jo ikkje lov å lese i dei! Bare sjå på dei, at dei er flate og uten innhold - ergo har vi ikkje vore nevneverdig sjuke;)

Sasi sa...

Eg trur dei på hundre år har røykt og drukke heile livet, men vi dør av sukkeroverdose og glutamat:) Lykke til med forskninga di! Høyrest kjekt ut.

Anonym sa...

Høyrest mykje kjekkare ut enn for eksempel Rune sitt forskingsprosjekt ;)

Selfølgeli e de avhengi av ka dag du e født! Men eg lærte på studiet at alle som e født 19. august 1978, 22. april 1990 og 6. november 1981 faktisk aldri kjem til å bli skikkeleg sjuke eller krepere.

Anonym sa...

Kanskje du kan lese alle journalane til vennane dine og legge det ut på nett?

Det hadde jo vert så spennande!

Anonym sa...

Hehe, flaks for meg.. Så masse bra du lærte på skulen din, Heidi:)

Anne Mari sa...

Men koffor får du ikkje lese dei då? Du jobbe jo der. Får du lese dei om du love love love å ikkje sei det til nåkken (men så seie du det berre til meg etterpå?) eg trur foresten det heite semi- taushetsplikt.
I mi mappe trur eg det berre handle om en fot som dei ikkje visste om den va brekt eller berre brudd på. Ja, og så står det litt om at eg blödde naseblod. Og så har eg vert på besök en del gonga til folk der.. kjem det med i journalen?

Anonym sa...

E trur enkeli ikkje at de fins semi-taushetsplikt - beklage å måtte skuffe deg, Anne Mari. Men du kan skrive brev til sjukehusen og få kopi av journalen din då, hvis du e så nusjerri ;-)

I min journal står det berre om at eg va sjeløyd og allti måtte få øyedråpa av Knut.

jeanette_s sa...

shit! eg e fødd 5.nov. 1981!!! fytti katta... telle det??

Anonym sa...

Ånei, Jeanette!!! De e jo akkurat ein dag for tidleg!! Stakkars deg.

:-D

Anonym sa...

Så tøft, da. Ein dag eldre enn lille Trine!

jeanette_s sa...

hm... men fødselen min vart satt i gong me medisinar. so eigentlig skulle eg ha vore fødd 6. nov. då kan eg vel egentlig kalle meg udødleg??

jeanette_s sa...

altso, mamma sin..hihih