onsdag, august 02, 2006
Midt i alt som er så trist og dumt, kjem det innimellom også eit par gode og fantastiske nyheter. Både Caroline og Kotsasi skal ha beibi!! Og dei er nøyaktig like langt på veg, 13 veker begge to. Så då har dei begge ein knott som ser litt ut som ein alien i kvar sin mage. Så rart, men så fint og bra på samme tid!
Eg jobbar hardt med å finne alkoholfrie aktivitetar vi alle kan bedrive hausten med, eg har store planar om strikking og brodering, og gledar meg vilt til magane deira blir store og beibiane begynner å sparke.
Så kjekt det skal bli! Så vakre born dei kjem til å få! Og så fine, flinke og gøye mammaer dei skal bli, begge to:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
10 kommentarer:
Gratulera så kjempe masse til Kotsasi og Caroline som har fått beibis i magen :) Alle hjerter gleder seg!
Humre, humre. Tenke eg må sende Kotsasi ein melding. Hmm.. har eg sagt noko negativt om ungar i det siste? Tenke..
Gratulerer og hurra :D
Monica, kor e det blitt av bloggen din? Den er sakna:(
Eg er altfor blid for tida til å skrive lange innlegg, eg har for mykje fri. Som eg har skrive, eg lovar komme tilbake når det vert meir stress og tidspress rundt meg. Kanskje i morgon?
Takk takk, det er spennande og litt rart. Gleda meg til alle er tilbake i Bergen att, har vore veldig einsam der i sommar. Men først skal eg njute min fantastiske gode ferie:)
Gratulerer så masse til Sara og Caroline!!!!
Håpe dåkke e friske og fine og glade i kroppen!
*dødsmisunneli* hehe..
Lykke til med altisammen!!
får slenge meg me å seie GRATTIS!!! sjølv om eg har sagt det te Kotti i tlf.:) Gratulerer du og Caroline:)
Vi gleda oss masse te å vere barnevakt!
For å sitere deg "Eg jobbar hardt med å finne alkoholfrie aktivitetar vi alle kan bedrive hausten med". Tyder dette at de kun har drive med aktivitetar i alkoholrus føreåt? :D
hei og hoppsann!Site paa mallorca med min lille alien som e 16 heile veke i morgon:-)Saa fint at du e ein gull aa sprer det glade budskap gjennom skattekista di:-)Gratulere te Kotasi,dette bli superspennande!!!Va hjaa jordmor paa torsdag aa fekk hoyre hjertelyd..herregud aa bevare megvel saa merkelig:-)to hjerter i ein kropp!*smiilee fra oyre te oyre*klem aa koos.
Åh. *gråteenskvett* så fint med to hjarte i samme kroppen. Kos dåke aller mest alle fire på mallorca:)
Legg inn en kommentar