mandag, juli 31, 2006

Ting er triste om dagen. Vegard, fine, gode Vegard, har fått beskjed om at kreften har spredd seg så mykje at legane har valgt å avslutte behandlinga. Denne beskjeden er foreløbig den siste i ein serie av mange, som gradvis har berre blitt dårligare og tristare for kvar gong. Eg har problem med å forhalde meg til det. Nettene er urolege, eg drøymer ein vill miks av draumar. Nokre der alt er som det var før, der Vegard er stor og sterk, har glød i huden og varme i auga, ler den rare og fantastiske latteren sin og forteller om dei fine jentene han har klint med i det siste. Og nokre draumar som er fulle av sjukdom og mørke. Der eg kan sjå korleis kreften har tappa han for glede og krefter. Der vi gret begge to, og ingen av oss veit korleis vi skal handtere det. Og så er det liksom slik det er. Bortsett frå at eg ikkje har snakka med Vegard på ei stund. Og veit ikkje korleis eg skal gripe det fatt. Eg har lyst å sjå han, klemme han og snakke med han. Spørre om han er redd, kva han tenker, korleis draumane hans er, om han framleis har nokre. Men vil ikkje trenge meg inn på eit område der han kanskje vil vere aleine. Uansett - Vegard - om du les dette: Du er i tankane mine heile tida. Eg er så veldig, veldig glad i deg. Eg håper at du finn glede i noko framleis, musikken og filmane dine. At du innimellom smiler, heilt ekte, og kan kjenne at du er glad - for noko eller i nokon - same kva, berre du ikkje kjenner kun på smerte.

2 kommentarer:

Anne Mari sa...

no sitt eg og grine igjen.. eg og tenke på han heile tida. heile heile tida. og eg drömme om han samme som du gjer. glade drömma og triste drömma. og eg ber til gud om at han må bli frisk no. av heile mitt hjerte. eg hadde gjort ka som helst.og eg vil at han skal vite at eg og vil vere der for han men eg skjönne at mange vil det. håpe han veit at han har en stor plass i hjerta våre.. vegard e fantastisk og eg hadde ikkje vert samme person om eg ikkje hadde vokst opp med han. eg e så gla i han.

Anonym sa...

Besøk ham. Still opp foran døra, og si at du vil inn. Han har hatt lang tid til drømmer og tanker, lengre tid enn dere. Han vil føle at det ikke er han som trenger trøst - det er det alle hans nære, som kanskje er gitt mer tid, som trenger mest. Og han kan gi det.

Men da må du ta steget.