mandag, september 25, 2006
Kanskje, ein vakker dag, skal eg legge inn omlag tusen bilder på denne (litt dårlige) bloggen. Da skal vi ha det kjekt, da. For det meste eg har bedrive tida med sidan eg kom til Bergen har faktisk blitt fotodokumentert.
I helga, for eksempel, var vi på James Bond-fest hos søstera til Johanna i klassen min. Ho bur i eit hus som skal rivast om ei stund, så ho kan gjere akkurat det ho vil med kjellaren. Så ho hadde måla 007tegn på veggane, sjakkruter på golvet, glitterspraya veggane og laga bar - proppa full med martini, såklart. Vi skreppene dukka småbrisne opp i diverse tøsete Bondpikeantrekk. Høgt hår, raude lepper og negler, stilettar og korte skjørt. Uklårt kven vi eigentleg skulle forestille, men vi var uansett heilt ubeskriveleg lekre:) Og det var ein veldig gøy fest.
Skal prøve å lure bildene frå kvelden ti meg frå Johanna, så alle kan få sjå. I tillegg skal eg oppdatere oftare i tida som kjem. Eg lovar!
fredag, september 22, 2006
Herlighet, altså. Så mange hissige folk. Eg har visst vore grisedårlig til å oppdatere bloggen i det siste. Kvifor? Tja.
1. Naboen sitt nett har vore sørgelig dårlig i det siste, og sidan naboen sitt nett på ein måte også er mitt nett, ligg eg litt dårlig an.
2. Det skjer mykje. På skulen, sosialt, i huset mitt og i hovudet mitt.
3. Eg har vore sjuk (det er ein god grunn!)
4. Og sånt.
Men no er eg her. Og eg skriv.
Bergen er fin, fytti, eg er så glad for å vere her! Vakre, vene byen. Skulen min er gøy, eg har funne dei beste jentene og gjort dei til mine. Det er perfekt og bra. Vi har det i tillegg heilt pinlig kjekt på skulen, eg føler eigentleg at vi ikkje går på skule, det verkar så ulogisk at alt skal berre vere jippijei.
Og tenk; i slutten av september, og eg går med skjørt og flipflops! Tipper alle turistane er rimeleg sjokkerte - dette er nok ikkje det dei hadde venta. Det hadde vel ikkje vi "fastbuande" heller. Men bevaremegvel kor vi set pris på det likevel!
I dag har eg hatt fri, og vi har hengt i parken heile dagen. Seinare skal vi nok gjere akkurat det ein gong til. Kva anna kan vi gjere i dette deilige, deilige vêret?!
Dette var den eine sida.
Her er den andre.
Eg saknar familien min. Eg saknar vennene mine som er langt unna og som eg sjeldan får treffe. Eg tenker på Vegard, mykje. Så eg søv merkelig for tida av desse og andre grunnar.
Dette er ein merkelig, bittersøt haust. Eg vil nok ikkje gløyme den med det første. Men haustar er til for å merkast og huskast.
torsdag, august 31, 2006
Eg er i hus i Bergen!!! *Jodlejublehurrahurrahurra*
Og vi har så fiiin leilighet!! Alle som kan, må komme på besøk. Snarast! I helga skal vi ha fest, og alle må sjølvsagt komme. Dette gjeld også dei som bur i andre fylke, i utlandet, dei som er gravide og dei som er søstre. Plis!?
Uansett, alt som skjer skal fotodokumenterast og leggast ut på akkurat denne bloggen sporenstreks etterpå:)
fredag, august 25, 2006
lørdag, august 19, 2006
Tonymakarony og eg har kjent kvarandre sidan vi vart fødde, faktisk. Men har ikkje sett kvarandre på lengst. Gjensynsgleda var altså så stor at vi måtte lage ein fabelaktig, sjarmerande og svært hot fotosession. Eg er forresten svært nøgd med å vere like brun som han, som faktisk er halvt portugisisk. *skryte*
torsdag, august 17, 2006
Hurra! Endeleg har eg fått bildene frå fjaseturen Cecil og eg hadde til Tyrkia i slutten av mai. Dei to heite blondinene er Lene og Christine, som vi var så heldige å ha som naboar. Vi hang saman som erteris omtrent frå første dagen. Kjempesøte jenter, like ville og hyperaktive som oss.
Desse bildene er frå den fatale kvelden då underteikna faktisk spidda hånda si på en palme. Den slemme palmen etterlot seg en bit av seg sjølv inni handa mi, og eg var nummen i heile armen dagen etterpå. Kvelden var likevel svært vellukka, vi gjekk ut med nokre hunks frå stamrestauranten vår - Titanic (eg veit, dette er slik ein miserabel klisje, men akk så fabelaktig allikevel). Sjefen på restauranten reiv i heile kvelden (eg reiv nesten ned bordet, forresten), og då vi skulle heim, greide vi på nød og neppe å riste dei av oss alle saman, så vi kunne nattbade. Perfekt!
Mannen mellom Christine og meg på det eine bildet, var ein dust, og ligna dessuten på gullars.
Øverst er verdens søteste lille muldyr, Lene. Varm på hodet sitt. Desse bilda er frå den deilige båtturdagen vår. Då vart vi brune! Hurra!
Cecilie fekk fargen sin, og var godt fornøgd:) Poserer med Christinetøsa.
Look! No hands! Synkronsvømming på høgt nivå.
Vi er tøffe. Vi turte å hoppe frå båten. Men er redde for vatn i nasa. Eg kan forresten sjå rompa di Cecil. Og mi.
Vi røyka vasspipe, det var jo både gøy og godt:)
Så alle fire jentene samla, det var jo berre griseflaks at vi hadde så vidunderlige naboar! Cecilie og eg greide forresten ikkje å opne augene på det nederste bildet. Var så slitsamt i varmen, gitt!
Dette var forresten den kvelden då vår gode venn, restaurantsjefmannen bestemte seg for å slå på stortromma og verkeleg ta på seg spanderbuksa. Han slo til med ein heilt grotesk miks som vel eigentleg bestod av hundre prosent tequila. Alle som kjenner meg, veit at eg etter litt for mange dårlege tequilaopplevingar brekk meg om eg kjenner den minste tequiladunst. Eg fikk vondt i hjartet då eg innsåg at eg var nødd til å ta imot og shotte saman med dei andre. Det gjorde ikkje mindre vondt den andre gongen. For ikkje å nemne den tredje. Fjerde gongen var eg heilt på gråten, og ikkje minst rimeleg på druen. Så eg greide med kløkt og kvinnelist å lure meg unna. Vi slapp dermed både grinetokter og det som verre er. Flaks!
Øverst:
Lene og meg med terapismil. Lene med restaurantsjefen som fall pladask for henne, og eg med eklemannen som helst såg at Christine tok med seg nokre litt meir lausslupne venninner neste år. Vi var jo så gørre som ikkje ville gå til sengs med han.
Så er det dansemusa vår og meg på scooter. Eg kan love alle at ingen alkohol var inne i bildet, eg hadde på meg hjelm, men det var etter bildet vart teke. Kors på halsen, altså.
Cecil og meg med den nydelege svensk-tyrkiske mannen som vi bestemte at Mona skulle gifte seg med:)
Christine og "mannen i hennar liv" - Mehmet. Det vil sei, "snille-Mehmet". Mehmet fans nemlig i fleire utgåver, også ein "duste-mehmet". Det kjem vel ikkje som ei overrasking på nokon at han likte meg litt i overkant godt. Han presterte å låne ei barnevogn - med barn i - og proklamerte for heile restauranten: This is us, one year later. *åshutup!!!*
onsdag, august 02, 2006
mandag, juli 31, 2006
Ting er triste om dagen. Vegard, fine, gode Vegard, har fått beskjed om at kreften har spredd seg så mykje at legane har valgt å avslutte behandlinga. Denne beskjeden er foreløbig den siste i ein serie av mange, som gradvis har berre blitt dårligare og tristare for kvar gong. Eg har problem med å forhalde meg til det. Nettene er urolege, eg drøymer ein vill miks av draumar. Nokre der alt er som det var før, der Vegard er stor og sterk, har glød i huden og varme i auga, ler den rare og fantastiske latteren sin og forteller om dei fine jentene han har klint med i det siste. Og nokre draumar som er fulle av sjukdom og mørke. Der eg kan sjå korleis kreften har tappa han for glede og krefter. Der vi gret begge to, og ingen av oss veit korleis vi skal handtere det.
Og så er det liksom slik det er. Bortsett frå at eg ikkje har snakka med Vegard på ei stund. Og veit ikkje korleis eg skal gripe det fatt. Eg har lyst å sjå han, klemme han og snakke med han. Spørre om han er redd, kva han tenker, korleis draumane hans er, om han framleis har nokre. Men vil ikkje trenge meg inn på eit område der han kanskje vil vere aleine.
Uansett - Vegard - om du les dette: Du er i tankane mine heile tida. Eg er så veldig, veldig glad i deg. Eg håper at du finn glede i noko framleis, musikken og filmane dine. At du innimellom smiler, heilt ekte, og kan kjenne at du er glad - for noko eller i nokon - same kva, berre du ikkje kjenner kun på smerte.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



















