tirsdag, juli 04, 2006

Alle desse dagane... ...som ein gleder seg til. Som ein har merka skal komme i vekesvis før dei - endelig - kjem. Som julaftan. Som bursdagen din. Som den dagen då du skal treffe nokon du ikkje har sett på lengst, som du kanskje til og med er forelska i. Eller høyre bandet du har drøymt om heile livet spele - på ein dag med sol, øl og dei venene du held aller høgast. Desse dagane er dei opplagte. På same måte som fødselsdagane til alle i familien min og vennane mine er spesielle. Men nokre dagar ligg i sjela mi og utanpå kroppen min. Og når desse dagane nærmar seg, tenker eg kanskje ikkje så mykje på det. Kjenner berre ei murring i kroppen som eg ikkje klarer å plassere. Så, kanskje idèt eg vaknar, eller kanskje seinare på dagen, veit eg det plutseleg - det er jo i dag! Dagen. Eg har mange slike etterkvart. Og ein samlar seg vel opp mange slike i løpet av eit liv. Dei er vonde og som oftast dumme og triste. Dagen då mannen du aldri fekk har bursdag, den då Onkel døydde, då mamma hadde blitt sjuk, då F og eg fann ut at alt skulle vere over. Då noko levande ikkje skulle leve meir, den dagen då C hadde bursdag og alt skulle vere bra, så vart det bare dumt og forferdeleg. Dei må vel kanskje komme desse dagane, slik at ein skal skjønne betre at ein er heldig som har flest gode dagar.

1 kommentar:

Anonym sa...

*dåne*

Pappa sine kommentara passa jo alltid komplett til det innlegge han svare på....

Men det va et bra tips, altså.
Forresten så trur eg det er bedre å rive av seg leggane me voks, enn heile overleppa...
(kem? eg?)