lørdag, juli 01, 2006

SlappeTrine Eg har jammen vore ein slapp bloggar i det siste. Berre satt inn bilete og nesten ingen tekst. Men så har faktisk kjeks og Regina Spektor vore av hovudingrediensane i veka mi:). Så då! Eg har hatt huset aleine denne veka. Så eg har drive med Trineting, høyrd på Trinemusikk, hekla, sola meg, fått trekt den dumme drittvisdomstanna (au! Og, æsj, kor stooore tenner eigentleg er!), lest fin fiin bok og grått meg skvett i hel og har snakka med Anne Mari i telefonen endeleg. I går var Eli og Tore her. Vi prøvde oss først på å sitte på framsida ute. Vart overfalt av ein milliard mygg, det var heilt sjukt. Tore sa vi måtte flytte oss under taket, på andre sida. Myggen var nemlig redd for å fly under ting, så om ein hadde cowboyhatt ville myggen aldri stikke deg i fjeset. Eg syns det hørtes heilt teit ut, men det hjalp faktisk likevel. Så vi satt med tende lys, med pledd rundt oss og drakk oss regelrett snydens. Eli stakkar, hadde vakt på avisa, så ho var så heldig å overvære prosessen frå edru, brisen og til fullstendig sveiseblind. Det var ein strålande kveld, og kveldens sitat må vel berre vere "Ro meg heim". Uten at det trengs å utdjupast. Ellers skulle eg på date i dag egentleg, til Florø med båt for å ete fin middag på restaurant. Med ein mann så gammal at eg faktisk ikkje tør å skrive det her. Men eg frika fullstendig ut og trakk meg. Pingle, ja, men eg tvilar på det hadde hatt noko for seg uansett. Vurderer å opprette ein ny blogg, ein som er hemmeleg for diverse foreldre. Så kan eg skrive alle dei skitne detaljane om livet mitt som eg må utelate her. Eg gir beskjed gjennom ungdommeleg kodespråk kun forståeleg for dei under 35 når dette skjer:). Ha ei fin helg, alle!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Taratataaa! Høyrest ut som du har hatt det flottis med heime-aleine-fest kvar kveld.
E du sikker på at Eli hadde vakt på avisa?

* fnisefnis *

Eg syns ikkje du har vert ein slapp blogger, for her var det jo faktisk 8 nye innlegg sidan sist eg var innom! Jippi!

Eg ser fram til å bli innvia i ditt hemmelege, saftige liv, hvis eg ikkje vert rekna med iblant "diverse foreldre".

Trine sa...

Det e du definitivt ikkje, du e jo i kategorien "diverse søstre", og dei får jo vite alt dei vil;)

jeanette_s sa...

åja! vi ve ha sjeeetne detaljar!hihih...har prøvd å skrive me deg på msn iblant eg, men du svara ikkje??

Anonym sa...

Å, Netty, når vi to flytte sammen, skal du få så mange sjeeetne detalja at du komme til å springe rundt og holde deg for ørene til slutt. og rope: LALALALALALA!!!:D ehehe